Dagny Rønes

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. jul. 2013 kl. 06:45 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Dagny Johanne Rønes''' (f. 11.7.1923) er ein tidlegare modist og forretningsdrivande i Sykkylven. Ho vart fødd i Halsa på Nordmøre, men kom som nykonfirmert til Ålesund der ho to...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dagny Johanne Rønes (f. 11.7.1923) er ein tidlegare modist og forretningsdrivande i Sykkylven. Ho vart fødd i Halsa på Nordmøre, men kom som nykonfirmert til Ålesund der ho tok utdanning som modist eller hattemakar. I 1948 vart ho gift med krigsveteranen Per Rønes frå Sykkylven. Samme året flytte dei til hans heimkommune. Seinare i 1948 fekk dei dottera, Synnøve, som seinare vart gift med Oddbjørn Ramstad i Sykkylven.

I 1953 starta Dagny eigen forretning under namnet Dagny Rønes Moteforretning. Her laga og selde ho damehattar. Før ho kom i gang med butikken gjekk ho handelsskule og løyste handelsbrev. I 1955 kjøpte ekteparet Karlsen-huset i Aure sentrum der Dagny dreiv forretning i 30 år. Dei selde huset i 1985.

Dagny Rønes engasjerte seg ein del i lokalsamfunnet utanom forretningsdrifta. Mellom anna var ho med i Sjømannsmisjonen i ei årrekkje. Ho vart også innvald i det kommunale eldrerådet. Elles har ho hatt ein kjær hobby i å skrive dikt. Mange av dikta har vore publiserte i lokalavisa Sykkylvsbladet. I 2010 vart ho presentert i Innflyttarboka som SYkkylven sogenemnd gav ut. Her vart eit av dikta hennar "Lys i mørket" trykt:

Lys i mørket

Langt inni mørket gjemmer seg et lys men grenser må krysses og hemmeligheter forstås, før lyset blir levende og kilden kan nåes

Vi famler i mørket og finner ikke vei, men kilder den er der for deg og for meg

Den dagen kommer da det underlige skjer, lyset når oss og vi roer oss ned, mørket revner og lyset møter oss der.


Kilde:

Sunnmørsposten 11.7.2013 Sykkylven sogenemnd. Innflyttarboka. Sykkylven 2010.