Dagny Rønes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Dagny Johanne Rønes (født 11. juli 1923) er ein tidlegare modist og forretningsdrivande i Sykkylven. Ho vart fødd i HalsaNordmøre, men kom som nykonfirmert til Ålesund der ho tok utdanning som modist eller hattemakar. I 1948 vart ho gift med krigsveteranen Per Rønes frå Sykkylven. Samme året flytte dei til hans heimkommune. Seinare i 1948 fekk dei dottera, Synnøve, som vart gift med Oddbjørn Ramstad i Sykkylven.

I 1953 starta Dagny eigen forretning under namnet Dagny Rønes Moteforretning. Her laga og selde ho damehattar. Før ho kom i gang med butikken gjekk ho handelsskule og løyste handelsbrev. I 1955 kjøpte ekteparet Karlsen-huset i Aure sentrum der Dagny dreiv forretning i 30 år. Dei selde huset i 1985.

Dagny Rønes engasjerte seg ein del i lokalsamfunnet utanom forretningsdrifta. Mellom anna var ho med i Sjømannsmisjonen i ei årrekkje. Ho vart også innvald i det kommunale eldrerådet. Elles har ho hatt ein kjær hobby i å skrive dikt. Mange av dikta har vore publiserte i lokalavisa Sykkylvsbladet. I 2010 vart ho presentert i Innflyttarboka som Sykkylven sogenemnd gav ut. Her vart eit av dikta hennar, «Lys i mørket», trykt:

Lys i mørket

Langt inni mørket
gjemmer seg et lys
men grenser må krysses
og hemmeligheter forstås,
før lyset blir levende
og kilden kan nåes
Vi famler i mørket
og finner ikke vei,
men kilden den er der
for deg og for meg
Den dagen kommer
da det underlige skjer,
lyset når oss og vi roer
oss ned, mørket revner
og lyset møter oss der.

Kjelde

  • Sunnmørsposten 11.7.2013
  • Sykkylven sogenemnd. Innflyttarboka. Sykkylven 2010.