Dale i Sunnfjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Motiv frå Dale.
Foto: Marcus Selmer

Dale i Sunnfjord er ein tettstad og administrasjonssenteret i Fjaler kommune i Sunnfjord. Staden ligg ved Dalsfjorden, og det bur drygt 1100 innbyggjarar der (2016).

Dale var lenge kjent for produksjon av sko og tønner. Dale Kloggfabrikk, òg kjend som Jarl/Dale Skofabrikk, starta opp i 1899 og var lenge den største arbeidsplassen i Dale.

I Dale låg Nikka Vonens Pigeinstitutt på garden Steia i åra 1871 til 1907.

Staden er òg kjend for poesi, og var fødestaden til mellom anna Jacob Sande. Fjaler folkebibliotek held til i Fjalerhuset. Nordisk Kunstnarsenter ligg på Dalsåsen.

Med Dalsfjordsambandet har Dale fått vegsamband til Askvoll.

Litteratur og kjelder

Koordinater: 61.3635306° N 5.4003639° Ø