Dampfartøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. nov. 2018 kl. 22:29 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Skal tru denne er forståeleg)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit dampfartøy er eit fartøy der framdrifta er utført av ein dampmotor eller ein dampturbin tilknytt hjulaksel for hjuldampar eller propellaksel og propell anten direkte eller gjenom eit reduksjonsgir.

Energien til dampdrift er; turr ved, kol, koks, olje og gass. Det er og i stor utstrekning brent søppel med høgt nok energiinnhald ved behov (til dømes innreeing, dekksplankar, overbygning/rorhus, kvalolde, lever og tran).

Energien varmar opp vatn i ein kjele i eit lukka løp. Vatnet går over i dampform ved oppvarming. Dampen bygg trykk og blir via ventilar sleppt inn i sylindrane i ein dampmotor eller til dampturbin. Dampmotor og dampturbin omdannar energien til dreiemoment på utgåande aksel (utgåande aksel har truleg vore kalla PTO, power take off, sidan eingong rundt 1850). Dette dreiemomentet blir omsett til skyvekraft og framdrift på roterande propellaksel og propell for tyngda av desse fartøya. Tidlege variantar er hjuldamparar det tverraksel i fartøyet, med skovl-hjul på, er veivaksel i dampmotoren (i norsk lokalhistorie til dømes "Skibladner" på Mjøsa).

Mykje av desse anlegga hadde fast propell og omkastbare stempelmotorar. Det skulle ein del trening til for maskinfolket for at dette vart rett kvar gong ny ordre vart gitt. Der var to skrekkvisjonar. Anten ein nervøs båtførar der ordrane kom for ofte, eller at dampmotoren stod i "dødens posisjon" (ND = nedre dødpunkt og ØD = øvre dødpunkt. Akkurat i ØD er det og umogeleg å få til rotasjon) ved vending (ein må ha eit stempel utanfor dødpunkt å trykke ned for å få til rotasjon på motoren).