Daniel Aamlid: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(lærar)
(Ingen forskjell)

Sideversjonen fra 5. mar. 2014 kl. 10:19

Daniel Aamlid (fødd 4. mars 1891 i Valle i Setesdal, død?) var lærar, underoffiser, postopnar, lokalpolitikar og bonde.

Han var son av Aanund og Tone Aamlid. Daniel Aamlid tok eksamen ved Elverum lærerskole i 1913, etter å ha teke underoffiserutdanning ved 3. divisjons skule to år før.

Aamlid vart tilsett som lærar i Heimdal skulekrins i Vegusdal, som seinere vart slått saman med Birkenes kommune. Daniel Aamlid var formann i Vegusdal skulestyre, og sat i heradsstyret ein treårsbolk.

Han vart gift med Nilla Heimdal, dotter av Søren og Helga Heimdal. Daniel og Nilla Aamlid hadde i 1934 to søner og ei dotter.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket