Daniel Kjeppe

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. nov. 2010 kl. 14:08 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Daniel Kjeppe''' (''Kreken'') (fødd kring 1575, død kring 1654) var frå Jostedalen i Sogn og Fjordane. Det er uvisst både når han var fødd, når han døydde og k…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Daniel Kjeppe (Kreken) (fødd kring 1575, død kring 1654) var frå Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Det er uvisst både når han var fødd, når han døydde og kvar han kom ifrå, men Lars Øyane meiner han etter namnet må ha vore av Nordfjord-ætt.

Han vart truleg gardbrukar og leiglending på Kreken kring 1603. Han skal ha budd på garden resten av livet med unntak av åra frå kring 1612 til kring 1615 då han budde mellombels på Haugen.

Daniel var lensmann i fleire periodar og er nemnt i embetet både i 1622 og 1638, men i 1647 er det heilt sikkert at han ikkje var lensmann (sjå Sjur Paulson Kruna).

I 1645 vert det oppgjeve at han var gift, men korkje kona eller eventuelle born er kjende.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 519. (Digital utgåve, NBdigital)