Dave Johnson: Forskjell mellom sideversjoner

Linje 15: Linje 15:


==Dødsulukka på breen 1852==
==Dødsulukka på breen 1852==
Men ulukkene var ikkje slutt med dette. Onsdag 31. mars 1852 døydde Dave då han og ein annan kar skulle ta seg over Jostedalsbreen. Han fall ned i ein snødekt bresprekk og døydde truleg momentant av hovudskadar. Turkameraten tok seg ned att til folk og fekk henta hjelp, og ein dramatisk redningsaksjon vart sett i gang. To av dei seks redningsmannskapa vart fira 43 alen (17 m) ned i bresprekken. Der fann dei etter ei tid den omkomne. Nedstigninga blir i ei melding omtala som "forbunden med stor Fare" på grunn av "den overhængende betydelige Snebred" som truga med å rase over dei. Det er ikkje kjent kva ærend Dave var ute i, kvar ulukka var eller kven han hadde med som reisefølgje.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1643 Morgenbladet, 9.5.1852] (Jostedal historielag)</ref>
Men ulukkene var ikkje slutt med dette. Onsdag 31. mars 1852 døydde Dave då han og ein annan kar skulle ta seg over Jostedalsbreen. Han fall ned i ein snødekt bresprekk og døydde truleg momentant av hovudskadar. Turkameraten tok seg ned att til folk og fekk henta hjelp, og ein dramatisk redningsaksjon vart sett i gang. To av dei seks redningsmannskapa vart fira 43 alen (17 m) ned i bresprekken. Der fann dei etter ei tid den omkomne. Nedstigninga blir i ei melding omtala som "forbunden med stor Fare" på grunn av "den overhængende betydelige Snebred" som truga med å rase over dei. Det er ikkje kjent kva ærend Dave var ute i, kvar ulukka var eller kven han hadde med som reisefølgje.<ref>[http://www.historielaget.jostedal.no/?page_id=1643 Morgenbladet, 9.5.1852] (Jostedal historielag)</ref> Det einaste ein veit, er at kyrkjeboka opplyser at det hende på "Jostedalsbreden, imellem Jostedal og Nordfjord". Han kan såleis ha vore på veg til Nordfjord der far hans kom frå, dei kan ha vore på reinsjakt på ei tid der avisstykket melder om matmangel og knappe tider, eller dei kan ha hatt andre ærend.


Cecilia sat no att med tre born på 8, 6 og 3 år. Den fyrste tida skal ho ha fått hjelp i Jostedalen, men etter kvart flytte ho til Hafslo der ho vart buande resten av livet. Ho vert oppgjeven å vere legdelem på Valaker då ho døydde.
Cecilia sat no att med tre born på 8, 6 og 3 år. Den fyrste tida skal ho ha fått hjelp i Jostedalen, men etter kvart flytte ho til Hafslo der ho vart buande resten av livet. Ho vert oppgjeven å vere legdelem på Valaker då ho døydde.
Veiledere, Administratorer, Skribenter
4 496

redigeringer