Der heime (Bykle gnr 10/2): Forskjell mellom sideversjoner

bilete
m (korr)
(bilete)
Linje 55: Linje 55:
Medan Olav Gunnarsson og Tore Jonsdotter, og sidan berre Tore, åtte og bruka den eine halvparten av Der heime, sat Vetle Gunnarsson med den andre helvta fram til ca 1720. Me vil då rekne med at Sygard var utkløyvd frå Der heime som ein eigen verestad ikkje så lenge etter [[Vodden (Bykle gnr 10/1)|Vodden]], jamvel om me ikkje har funne noko dokument om jordebyte fyrr omlag 100 år seinare. At det stundom var dei same folka som åtte Der heime og Sygard endrar ikkje at her var to bruk, og me skal handsama liksåvel Sygard som ei eining for seg frå 1680-talet.  

{{thumb|Nesland 8.jpg|Jamvel om dei ikkje hadde fotografar på 1700-talet, hadde dei sikkert pråmar. Han som ror på Bossvatn på biletet her er Lisle-Olav F. Nesland (1918-2002). I bakgrunnen skimtar ein Nordstog, Naustdøl og litt av Vodden. Bilete frå samlinga til Folke Nesland.}}
Medan ungkaren Vetle Gunnarsson budde i Sygard, døydde Tore Jonsdotter i Der heime, det må ha vore kring 1710. I skattematrikkelen frå 1712 kjem difor ein ny eigar til synes. Han heitte Knut Åvoldsson Gjerden, og var gift med Torbjørg Olavsdotter, dotter av Tore og Olav. Men Knut og Torbjørg budde i [[Nordstog Gjerden (Bykle gnr 15/2)|Nordstog Gjerden]], og flutte aldri til Nesland. Det gjorde derimot Åvold Knutsson, eldste son deira, og i fylgje skoskattelista var han på plass her alt i 1711. Han betala då skoskatt berre for seg sjølv og ein tenar, ser me, og var altså endå ikkje gift. Det vart han eit par år seinare, skjønar me.  

Linje 87: Linje 88:
Etter dette skiftet vart Åvold sitjande med halve eigedomen, medan enka etter eldstesonen og borna hennes hadde den andre halvparten. Me meiner at ho budde i Der heime, medan han heldt til i Sygard. Men så døydde Åvold året etter kona si, og då overtok Jon Åvoldsson bruken av Sygard.  

{{thumb|Nesland 9.jpg|Me torer vel tru at også Torleiv Nesland på 1750-talet dreiv med rjupefangst. Her er Iallfall ein yngre namnebror (Torleiv F. Nesland, 1907-1995) i gang med å skygne snarene sine. Biletet er teke av Folke Nesland i 1979.}}
Enka Gunhild Gunnarsdotter hadde ikkje vaksne born enno, og tok difor inn brukarar. Den fyrste av dei veit me ikkje større om, men me trur at det var den mannen som vert kalla «Tellef Næsland» i eit rettsreferat frå 1755. Dette handlar om eit slagsmål, som bar til som fylgjer: Knut Mikkelsson Mosdøl og Kjetil Olavsson Byklum oppsøkte Torleiv i Der heime, og baud han på juling. Torleiv rømde då unna, og sprang mot Sygard med dei to hine hakk i hæl. I Sygardtunet tok dei han att, og Jon Åvoldsson såg at Knut Mosdøl slo han i munnen så han blødde. Vidare høyrde han at Kjetil Byklum baud Knut å slå så det mona, same kor mange bøter det kunne koste, men at Kjetil hadde slege, hadde han ikkje sett, sa han. Knut og Kjetil vart bøtelagde som seg hør og bør, men Torleiv ser me sidan ikkje meir til på Nesland, og me veit heller ikkje kvar det vart av han. Ein gong fyre 1762 fekk han avløysing som brukar i Der heime av bror åt Gunhild, Bjørgulv Gunnarsson Holen. Den mannen og familien hans er nærare omtala under [[Der inne (Bykle gnr 15/3)|Gjerden Der inne]]. Dei er også nemnde under [[Der uppe (Bykle gnr 12/2)|Holen Der uppe]].  

Linje 128: Linje 130:

«Ja, gjer de du kann», sa Olav; «du fær meg inkji inn på de hus i Kristiansand, utan eg hev vore der fyrr'e», sa han.}}

{{thumb|Nesland 10.jpg|Fantane pila seg avstad frå Nesland etter at Olav hadda narra dei til å tru at dei var fleire karar heime. Teikning av Tove Krogh 2005.}}
[[Johannes Skar]] har også ei soge om korleis ein gamal mann på Nesland skremde avgarde nokre [[fantar]] (''Gamalt or Sætesdal'' II, 288). Om dette gjekk fyre seg i Olav si tid, er sjølvsagt på vona, men det kan godt vera såleis. Iallfall ser me at Olav vart horveleg gamal.  

Linje 152: Linje 155:
Året fyre han gifte seg fekk Olav dottera Åsne, mora var Ingjerd Olavsdotter, ei dotter av Olav Olsson Homme og kona, Åsne Olavsdotter, fødd Ryningen. Ingjerd tente på Bratteland då ho fekk dottera, og var framleis der då barnet døydde i 1828. Ho gifte seg i 1841 med enkemannen Åsmund Kristensson Hisdal (Sjå [[Der uppe (Bykle gnr 20/3)|Hisdal]], bnr 3, jfr. ''Valle'' V, 440 og VI, 146).  

{|style="float:right; clear:right; "
|-style="vertical-align:top;"
|{{thumb|Nesland 11.jpg|Bjørgulv O. Nesland med tre av borna sine ca 1895. Frå venstre Store-Ingebjørg (f 1872) g m Gunnar O. Byklum eller Holen), Bjørgulv 1833-1922) og Lisle-Ingebjørg (f 1880, g m Folke Torleivsson Stavenes. Framfor faren står Hallvard (f 1890, til Amerika 1908). Bilete frå Folke Nesland.}}
|{{thumb|Nesland 12.jpg|Bjørgulv O. Nesland ca 1910 med to av dottersønene, Torleiv Folkesson til venstre og Bjørgulv til høgre. Bilete frå Folke Nesland.}}|
|}
{|style="float:right; clear:right; "
|-style="vertical-align:top;"
|{{thumb|Nesland 13.jpg|Store-Olav B. Nesland (1869-1945). Han tok ut til Amerika i 1890, og slo seg ned i Nord-Dakota. Me gjet på at dette er det fyrste biletet han sende heimatt derifrå. Hit frå Ingebjørg Vegestog.}}
|{{thumb|Nesland 14.jpg|Tellef B. Nesland, f 1877, utvandra 1897; Olav B. Nesland (y.) , f 1884. Tellef hadde vore heimatt ein tur i 1903-04 og Olav reiste ut saman med han i det sistnemnde året. Me gjet på at dette biletet vart teke då. Hit frå Ingebjørg Vegestog.}}
|}
{{thumb|Nesland 15.jpg|Hallvard B. Nesland ( f 1890) i amerikansk militæruniform under fyrste verdsskrigen. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.}}
Det døydde mange born for Ingebjørg og Olav, ser me. Sonen Olav, f 1831, omkom 4 år gamal, som fylgje av eit uheldig knivstikk frå den eldre broren, Mikkel, som då var 7 år. Mikkel døydde 16 år gamal i 1844. Endå var det ei Gunhild, og to Olav-ar til, som alle døydde som små.  

Linje 157: Linje 171:

Ingebjørg og Olav dreiv eigedomen til dei i 1869 tok foddog og skreiv skøyte til eldstesonen:  

* '''Bjørgulv Olavsson Nesland''', f 1833, d 1922  

: g 1867 m Anne Torleivsdtr. Holen, f 1841, d 1896. Born:  