Der nede (Bykle gnr 2/1): Forskjell mellom sideversjoner

bilete
mIngen redigeringsforklaring
(bilete)
Linje 389: Linje 389:
Han hadde ein eigen svip på treskorne, som folk tykte om, og med tida vart Husfliden i Oslo fremste avtakaren. Han dreiv også med anna husflidsarbeid, m.a. ikkje så lite treskurd, og i alt han tok i synte han kunstgivnad og god handeferd.  

{{thumb|Hovden 17.jpg|Detalj av roseskurd på ryggstøet av ein kubbestol gjord av Svein Hovden. Hit frå Setesdalsmuseet.|Leonard Jansen}}
På 1870- og 80-talet var han lenge med i heradssstyret i Vinje. Fremste merkesaka hans her var å få skipa til postopneri i Grungedal, og sikker postgang til dette. Dette fekk han gjennomslag for, og frå 1886 vart han postopnar i bygda, og fast postberar. Dette arbeidet hadde han sidan så lenge han budde i Vinje. Gardsbruket sitt på Tveiten husa han opp og forbetra på fleire vis, m.a. med åkerbryting.  

Etter det han fortalde til Knut Hoslemo i 1922 hadde han i 1884 kaupt Maurlii hjå eit handelslag i Mo for 200 kr., som han skulle betale med tresko til 75 øre paret, og i 1886 skal han ha kaupt Jeiskeli «av lappen Jon Jeiskeli for 800 kr». Her trur me at han må ha mishugsa seg noko, både når det gjeld årstal og prisar. [[Jon Andersen Stannfjell]] i Jeiskeli kom ikkje til Bykle fyrr i 1886, og hadde ingen eigedom å selje det året, og i panteregisteret står det at Svein kaupte både Jeiskeli og Maurlii hjå han våren 1896. Prisen for båe var 700 kr. Korleis handelslaget i Mo var inne i biletet, veit me ikkje visst. Kanskje har det hatt pengar til gode og teke utlegg i Maurlii, men me har ikkje funne dette tinglyst.  

{|style="float:right; clear:right; "
|-style="vertical-align:top;"
|{{thumb|Hovden 19.jpg|Svein K. Hovden på vitjing på Tveiten i Grungedal i 1915. Frå venstre: Hallvard K. Tveiten, f 1897, Svein K. Hovden, Knut S. Tveiten (f 1871), Tone K. Tveiten (f 1907) og Tjodvor H. Tveiten, fødd Bronen eller Vesle-Gunvaldjord. Bilete frå Knut H. Tveiten, Grungedal, via Setesdalsmuseet.}}
|{{thumb|Hovden 18.jpg|Knut O. Hoslemo (1889-1929) gjer oppskrift etter Svein K. Hovden. Biletet er teke i 1922 i stoga i Hovden Der nede. Frå Åshild Hoslemo via Setesdalsmuseet.}}
|}
I 1896 gjekk eldsteson åt Svein, Knut, i giftetankar, og var huga på å overtaka Nordistog. Me trur helst det var dette som gav støyten til at Svein byrja å handle gardar i Bykle på denne tid. Same året som han kaupte Maurlii og Jeiskelid, fekk han, etter kva han fortel, kaupe halve Hovden hjå Tarjei Knutsson Hovden, som nå åtte heile garden. Prisen var visstnok 1700 kr. Denne handelen vart ikkje tinglyst, men ettersom det her var tale om å kaupe attende heimebruket, noko som tvillaust var meir om å gjera for han, reknar me med at han på dette punktet har hugsa rett, særleg når han straks etter handelen flutte hit, og sidan budde her. Knut Sveinsson overtok då Nordistog Tveiten.  

{{thumb|Hovden 20.jpg|Då Foss og Bjerke fekk taksert Berdalsskogen i 1896 budde dei og takstmennene deira på Hovden, og dette biletet vart teke då. Foss og Bjerke er dei to karane lengst til høgre, Tarjei K. Hovden er nr 3 frå venstre og kona, Turid Bjugsdotter, sit på trappa. Dei andre på biletet er ikkje identifiserte. Frå Setesdalsmuseet.}}
I 1898 selde Svein bruket sitt i Hovden og dertil også Maurlii og Jeiskeli til skogspekulantane Bjerke og Foss, som på denne tid åtte [[Sætersdalen (foretak)|A/S Sætersdalen]], for i alt 5.500 kr, som han tykte var ein svært god pris, særleg når han fekk halde att 21 års bruksrett. Samstundes selde Tarjei Knutsson i Der sø til dei same kauparane. Dette er i samsvar med det Svein fortalde til Knut Hoslemo i 1922, bortsett frå at han då plasserte salet til 1897. Den det han vidare fortalde, at han forsømte seg då Foss og Bjerke gjekk konkurs nokre år seinare, og at eigedomane difor gjekk over på A/S Sætersdalen, det stemmer ikkje aldeles. For den 31. mars 1905 var han til stades på tvangsauksjonen, og fekk då tilslaget på Maurlii og Hovden Der nede for kr 1900, derav 400 for Maurlii. Vidare viser panteregisteret at han like fyre jol 1906 selde dei same eigedomane att, også denne venda til A/S Sætersdalen, prisen nå var kr 2440. Også ved denne handelen fekk han halde att 21 års bruksrett. Her må me skjote inn ein oppklarande merknad om A/S Sætersdalen, og om tilhøvet mellom dette og Bjerke og Foss. Bjerke dreiv fyrst og handla eigedomar i Bykle på eiga hand. Sidan fekk han med seg Foss, men kompaniskapet gjekk konkurs i 1894. Etter dette fekk dei to tak i fleire interessentar, og skipa A/S Sætersdalen. Selskapet vart formelt konstituert i 1895, men fanst reelt til alt året fyre, då det kaupte bnr 4 i Hovden, [[Hovden skog (Bykle gnr 2/4)|Hovden skog]], saman med fleire andre eigedomar i Bykle, på den fyrste tvangsauksjonen over eigedomane åt Bjerke og Foss. I 1904 var det ein ny konkurs, og denne venda var det A/S Sætersdalen som gjekk på ryggen, og laut selje eigedomane sine på auksjon. Nå møtte altså hovdenbøndene fram og fekk kaupe bruka sine attende for langt mindre enn dei hadde selt dei for 6 år tidlegare. Men på ein eller annan måte greidde selskapet å reise seg att, slik at det 2 år seinare kunne kaupe eigedomane av dei same hovdenbøndene ein gong til. Framleis sto Bjerke og Foss sentralt i selskapet ser me. Men så fylgde endå ein konkurs i 1911, og denne venda vart endeleg Bjerke og Foss sette utanfor. Selskapet vart rekonstruert av [[Øvre Otteraaens Brugseierforening]], der hovudinteressentane var A/S [[Kristiansand Fossefald]], [[Hunsfos Fabrikker]] og [[Vigelands Brug]]. Brukseigarforeninga overtok alle aksjane i selskapet, og dreiv det vidare under same namnet, slik ho gjer den dag idag. Men nå attende til Svein Hovden.  

Linje 401: Linje 408:
Etter salet av garden i 1906 trega han: «Du veit de æ liksom so rart å sitje som leiglending på fedrajordi. Ein hev inkje den gleda og hugnad av å arbeida på den jordi ein ikkje eig», sa han. Men lova om ekspropriasjon av leiglendingsjord, som opna for at eigedomen atter kunne koma innatt i ætta, gav han likevel tru på framtida på garden.  

{{thumb|Hovden 21.jpg|«Hovdenbrohytten» slik ho såg ut den fyrste tida.. Prospektkort utgjeve av Kristiansand og Oplands Turistforening. Frå biletsamlinga etter Knut T. Hovden ved Setesdalsmuseet.}}
I 1909 skreiv han kontrakt med [[Kristiansand og Oplands Turistforening]] om at dei skulle få setje seg opp ei turisthytte på eigedomen mot ei årleg leige på 2 kr. Hytta sto ferdig i 1913, og Svein fekk arbeidet som tilsynsmann. Turisthyttetomta vart likevel ikkje matrikulert fyrr 1946, då ho fekk bnr 11.  

Linje 408: Linje 416:
at var han som bygde her også. Men denne venda hadde han visseleg hjelp av sonen Kjetil, som gifte seg på denne tid, og etter kvart fekk nya oppatt faren si leigekontrakt med A/S  

Sætersdalen. Kva tid dette siste var veit me ikkje, men det er på det reine at Kjetil overtok som brukar etter faren, og dreiv garden vidare.  
Sætersdalen. Kva tid dette siste var veit me ikkje, men det er på det reine at Kjetil overtok som brukar etter faren, og dreiv garden vidare.  
 
{|style="float:right; clear:right; "
|-style="vertical-align:top;"
|{{thumb|Hovden 22.jpg|Kjetil og Torbjørg Hovden. Brurebilete 1910. Torbjørg ber den såkalla Fjellgardsdrakta, som vart moderne frå ca 1890 og frametter. Visstnok var det nokre handarbeidslærarinner på folkehøgskulen i Seljord som introduserte denne modellen. Bilete frå Tone Uleberg via Ingebjørg Vegestog.}}
|{{thumb|Hovden 23.jpg|Torbjørg og Kjetil Hovden ein gong på 1950-talet. Bilete frå Tone Uleberg via Setesdalsmuseet.}}
|}
'''Kjetil Sveinsson Hovden''', f 1887, d 1964  

:g 1910 m Torbjørg Olavsdtr. Breive, f 1890, d 1953  

Linje 423: Linje 436:
   
Etter at sønene Jon og Kjetil overtok eigedomane i 1973 skaut denne utviklinga endå meir fart, slik at det i dag er kring 600 hytter, forutan ei rekkje med forretningsbygg av ulike slag, på grunnen av det gamle gardsbruket. I byrjinga var ein del bygdefolk skeptiske, og tykte ulebergane «øydela garden». Sidan har det nok stort sett vore semje om at få har greidd å få så mykje ut av eit, i utgangspunktet, nokså magert gardsbruk som dei. Kjetil vert nærare presentert i avsnittet om heimen hans i sentrum. Jon bur på garden og har sett seg opp nytt bustadhus her.  
Etter at sønene Jon og Kjetil overtok eigedomane i 1973 skaut denne utviklinga endå meir fart, slik at det i dag er kring 600 hytter, forutan ei rekkje med forretningsbygg av ulike slag, på grunnen av det gamle gardsbruket. I byrjinga var ein del bygdefolk skeptiske, og tykte ulebergane «øydela garden». Sidan har det nok stort sett vore semje om at få har greidd å få så mykje ut av eit, i utgangspunktet, nokså magert gardsbruk som dei. Kjetil vert nærare presentert i avsnittet om heimen hans i sentrum. Jon bur på garden og har sett seg opp nytt bustadhus her.  
 
{|style="float:right; clear:right; "
|-style="vertical-align:top;"
|{{thumb|Hovden 24.jpg|Jon Uleberg i 1955. Frå Ingebjørg Vegestog.}}
|{{thumb|Hovden 25.jpg|Jon Uleberg i 2005. Foto frå ''Setesdølen''.}}
|}
'''Jon Uleberg''', f 1954  
'''Jon Uleberg''', f 1954  
: sb m Wenche Jorunn Brokke, f 1962. Born, sjå [[Belglii 2 (Bykle)|Belglii 2]], bnr 561  