Det Vestnorske Elektriske AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 16. des. 2013 kl. 08:10 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Det Vestnorske Elektriske''' var ei elektroverksemd i Sykkylven. Bedrifta vart skipa av ingeniør Kåre Kårstad frå Volda i 1948. Jens E. Ekornes spela ei sentral rolle for ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Det Vestnorske Elektriske var ei elektroverksemd i Sykkylven. Bedrifta vart skipa av ingeniør Kåre Kårstad frå Volda i 1948. Jens E. Ekornes spela ei sentral rolle for å få Kårstad til Sykkylven. Det var også Ekornes som gav bedrifta husrom og stilte maskiner til rådvelde første tida.

Spesialiteten til den nye verksemda var å vikle opp att brukte elektriske motorar og generatorar. Første driftsåret fekk bedrifta i oppdrag å omvikle ein av generatorane ved kraftverkstasjonen på Riksheim. I samband med dette arbeidet vart Oddvar Rieve Kristiansen henta frå Sarpsborg for å assistere.

Arbeidsstokken ved Det Vestnorske Elektriske var i 1948 fire personar, året etter hadde han auka til knappe ti.

I 1950 reiste Kårstad frå Sykkylven. Året etter heldt Oddvar Rieve Kristiansen fram med drifta i A/S Møre Transformatorfabrikk.


Kjelde: