Det Vestnorske Elektriske AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile fra Norsk Lysingsblad 23. september 1948; kunngjøring om opprettelse av Det Vestnorske Elektriske Verksted.

Det Vestnorske Elektriske (opphavleg Det Vestnorske Elektriske Verksted) var ei elektroverksemd i Sykkylven. Bedrifta vart skipa av ingeniør Kåre (Kaare) Kårstad frå Volda i 1948. Jens E. Ekornes spela ei sentral rolle for å få Kårstad til Sykkylven. Det var også Ekornes som gav bedrifta husrom og stilte maskiner til rådvelde første tida.

Spesialiteten til den nye verksemda var å vikle opp att brukte elektriske motorar og generatorar. Første driftsåret fekk bedrifta i oppdrag å omvikle ein av generatorane ved kraftverkstasjonen på Riksheim. I samband med dette arbeidet vart Oddvar Rieve Kristiansen henta frå Sarpsborg for å assistere.

Arbeidsstokken ved Det Vestnorske Elektriske var i 1948 fire personar, året etter hadde han auka til knappe ti.

I 1950 reiste Kårstad frå Sykkylven. Året etter heldt Oddvar Rieve Kristiansen fram med drifta i A/S Møre Transformatorfabrikk.

Kjelde