Diplomatarium Norvegicum

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. mar. 2008 kl. 11:42 av Olve Utne (samtale | bidrag) (kilder > kjelder i kategorisystemet)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Infoboks bok Diplomatarium Norvegicum : Oldbreve til Kundskab om Norges indre og ydre Forhold, Sprog, Slægter, Sæder, Lovgivning og Rettergang i Middelalderen, mest kjent under hovudtittelen Diplomatarium Norvegicum, er ei ordrett utgåve av det samla korpuset av mellomalderdiplom som vart skrivne i Noreg eller som omhandla norske tilhøve frå begynnelsen av den norrøne skriftkulturen til 1570.

Kommisjonen for Diplomatarium Norvegicum vart oppretta i 1846 etter pålegg frå Stortinget, og 1. bandet kom ut i 1847 med Chr.C.A. Lange og C.R. Unger som hovudredaktørar. Desse var òg hovudredaktørar for band 2–5 (18511861). 6.–15 (18641896) vart utgjevne av C.R. Unger i samarbeid med H.J. Huitfeldt-Kaas. 16. bandet vart utgjeve av H.J. Huitfeldt-Kaas i 1901 og utgjer det siste bandet i den opphavlege serien.

Sjølv om utgåva skal vera ei nøyaktig attgjeving av diploma på originalspråket, er det påvist mange feil — mange av dei alvorlege — ikkje minst i dei eldste banda. DN kan altså ikkje brukast kritikklaust.


Lenkjer

Kjelder