Doro Heyerdahl: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:

Doro Heyerdahl var dotter av prost [[N.R. Heyerdahl]] (1862-1956) og Alette fødd Aagaard (1862-1957). Doro fekk sin barndom og oppvekst på Voss og i [[Telemark]] ([[Attrå]] i [[Tinn kommune]]). Både på Voss og i Telemark stod norskdomsrørsla sterkt, og Doro Heyerdahl let seg inspirere av dette i yrkesval og livsorientering. I si knappe og telegramstilprega eigenomtale i boka frå 25-årsjubileet for studentane frå 1914, passar ho på å få med at ho hadde vore formann i [[Attrå frilynde ungdomslag]] og i [[Holla norskdomslag]]. Ut frå familiebakgrunn og den fyrste vidaregåande utdanninga ho slo inn på, var denne orienteringa langt frå sjølvsagd.

Ho tok examen artium i [[Kristiania]] 1914 (språkleg-historisk linje). Deretter vart det førebuande prøver ved universitetet i latin, gresk og filosofi (1915-1917). I 1919 avla ho lærarprøve for studentar ved [[Oslo lærerskole|Oslo lærarskule]]. Sine fyrste år som lærar hadde Heyerdahl i Holla 1919-1922, og året etter ved [[Buskerud folkehøgskule]]. Året 1923-1924 las ho norsk og historie ved universitetet. Eit par års tid deretter vikarierte ho på ulike stader, mellom anna på Toten og i Skjåk. Hausten 1927 byrja ho i fast stilling ved Lom og Skjåk framhaldsskule. Med eit års permisjon derifrå tok ho vidareutdanning ved [[Lærarhøgskulen i Trondheim]] (1931-1932).
Etter alle åra i framhaldsskulen gjekk Doro Heyerdahl over til lærargjerning i folkeskulen på fleire stader i landet. Ho gjekk tidleg av med pensjon, men tok deretter fleire vikariat, mellom anna i [[Nordland]] og [[Troms]] og på [[Sophies Minde]] i Oslo. I studentjubileumsboka frå 1964, da Heyerdahl hadde fylt 70, oppgjev ho at ho er lærar på [[Alnabru]] (Oslo).

Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer