Doro Heyerdahl: Forskjell mellom sideversjoner

Korrigering og tilleggsopplysningar
(mellomlagring)
(Korrigering og tilleggsopplysningar)
Linje 3: Linje 3:


== Familie og oppvekst ==
== Familie og oppvekst ==
Doro Heyerdahl var dotter av prost [[Nils Roth Heyerdahl (1862-1956)|Nils Roth Heyerdahl]] (1862-1956) og [[Alette Aagaard Hansen Heyerdahl|Alette fødd Aagaard]] (1862-1957). Doro hadde barndomen og oppveksten sin fleire stader i landet ettersom faren hadde prestekall. Dei fyrste fire åra på Voss (til 1898), 1898-1910 i [[Sandeherred]] i Vestfold (Sandar, nå i [[Sandefjord kommune]]), og frå 1911 i [[Telemark]]. Faren vart sokneprest i [[Atrå]] i [[Tinn kommune]] frå 1911 og i [[Holla kommune|Holla]] frå 1918. I Telemark stod norskdomsrørsla sterkt, og Doro Heyerdahl let seg inspirere av dette i yrkesval og livsorientering. I si knappe og telegramstilprega eigenomtale i boka frå 25-årsjubileet for studentane frå 1914, passar ho på å få med at ho hadde vore formann i [[Atrå frilynde ungdomslag]] og i [[Holla norskdomslag]]. Ho var heilt sikkert påverka i den retninga også av foreldra sine, særleg av faren. N.R.Heyerdahl fekk tidleg ei sterk interesse for norske dialekter og for det nye landsmålet.
Doro Heyerdahl var dotter av prost [[Nils Roth Heyerdahl (1862-1956)|Nils Roth Heyerdahl]] (1862-1956) og [[Alette Aagaard Hansen Heyerdahl|Alette fødd Aagaard]] (1862-1957). Ho hadde to sysken, Mariane Kristine (f. 1891) og Kristian August Aagaard (f. 1892) Doro hadde barndomen og oppveksten sin fleire stader i landet, ettersom faren hadde ulike prestekall. Dei fyrste fire leveåra hadde ho på Voss (til 1898), 1898-1910 i [[Sandeherred]] i Vestfold (Sandar, nå i [[Sandefjord kommune]]), og frå 1911 i [[Telemark]]. Faren vart sokneprest i [[Atrå]] i [[Tinn kommune]] frå 1911 og i [[Holla kommune|Holla]] frå 1918. I Telemark stod norskdomsrørsla sterkt, og Doro Heyerdahl let seg inspirere av dette i yrkesval og livsorientering. I si knappe og telegramstilprega eigenomtale i boka frå 25-årsjubileet for studentane frå 1914, passar ho på å få med at ho hadde vore formann i [[Atrå frilynde ungdomslag]] og i [[Holla norskdomslag]]. Ho var heilt sikkert påverka i den retninga også av foreldra sine, særleg av faren. N.R.Heyerdahl fekk tidleg ei sterk interesse for norske dialekter og for det nye landsmålet.


== Utdanning og yrkesliv ==
== Utdanning og yrkesliv ==
Ho tok examen artium i [[Kristiania]] 1914 (språkleg-historisk linje ved [[Frogner Skole]]). Deretter vart det førebuande prøver ved universitetet i latin, gresk og filosofi (1915-1917). I 1919 avla ho lærarprøve for studentar ved [[Oslo lærerskole|Oslo lærarskule]]. Sine fyrste år som lærar hadde Heyerdahl på fleire skular i Holla 1919-1922, og året etter ved [[Buskerud folkehøgskule]]. Året 1923-1924 las ho norsk og historie ved universitetet. Eit par års tid deretter vikarierte ho på ulike stader, mellom anna på Toten og i Skjåk. Hausten 1927 byrja ho i fast stilling ved Lom og Skjåk framhaldsskule. Med eit års permisjon derifrå tok ho vidareutdanning ved [[Lærarhøgskulen i Trondheim]] (1931-1932). Litteraturvitaren [[Inger Heiberg]], som kjende Doro Heyerdahl personleg frå tida i Lom og Skjåk, nemner i samband med ei omtale av lærarane framhaldsskulen der: «Særlig Doro hadde noe avvæpnende og fritt i sitt vesen som var fremmed i Lom. Smilende, lett og glad utleverte hun seg helt til sine elever, gjorde alt hun kunne for å skape kontakt.» Heiberg skriv dette i si bok om diktaren [[Tor Jonsson]] frå Lom. Ho framheld at Doro Heyerdahl betydde mykje for den unge diktaren.
Det er rimeleg å tru at Doro Heyerdahl også vart oppmuntra av foreldra til å ta akademisk utdanning. Mor hennar var ei av dei aller fyrste kvinnene i landet som tok examen artium (1884), og  som deretter studerte filologi og teologi. Doro tok examen artium i [[Kristiania]] 1914 (språkleg-historisk linje ved [[Frogner Skole]]). Deretter vart det førebuande prøver ved universitetet i latin, gresk og filosofi (1915-1917). I 1919 avla ho lærarprøve for studentar ved [[Oslo lærerskole|Oslo lærarskule]]. Sine fyrste år som lærar hadde Heyerdahl på fleire skular i Holla 1919-1922, og året etter ved [[Buskerud folkehøgskule]]. Året 1923-1924 las ho norsk og historie ved universitetet. Eit par års tid deretter vikarierte ho på ulike stader, mellom anna på Toten og i Skjåk. Hausten 1927 byrja ho i fast stilling ved Lom og Skjåk framhaldsskule. Med eit års permisjon derifrå tok ho vidareutdanning ved [[Lærarhøgskulen i Trondheim]] (1931-1932). Litteraturvitaren [[Inger Heiberg]], som kjende Doro Heyerdahl personleg frå tida i Lom og Skjåk, nemner i samband med ei omtale av lærarane framhaldsskulen der: «Særlig Doro hadde noe avvæpnende og fritt i sitt vesen som var fremmed i Lom. Smilende, lett og glad utleverte hun seg helt til sine elever, gjorde alt hun kunne for å skape kontakt.» Heiberg skriv dette i si bok om diktaren [[Tor Jonsson]] frå Lom. Ho framheld at Doro Heyerdahl betydde mykje for den unge diktaren.


Etter alle åra i framhaldsskulen gjekk Doro Heyerdahl over til lærargjerning i folkeskulen på fleire stader i landet. Ho gjekk tidleg av med pensjon, men tok deretter fleire vikariat, mellom anna i [[Nordland]] og [[Troms]] og på [[Sophies Minde]] i Oslo. I studentjubileumsboka frå 1964, da Heyerdahl hadde fylt 70, oppgjev ho at ho er lærar på [[Alnabru]] (Oslo).
Etter alle åra i framhaldsskulen gjekk Doro Heyerdahl over til lærargjerning i folkeskulen på fleire stader i landet. Ho gjekk tidleg av med pensjon, men tok deretter fleire vikariat, mellom anna i [[Nordland]] og [[Troms]] og på [[Sophies Minde]] i Oslo. I studentjubileumsboka frå 1964, da Heyerdahl hadde fylt 70, oppgjev ho at ho er lærar på [[Alnabru]] (Oslo).
Linje 19: Linje 19:
* Hosar, Hans P.: Samtalar med folk i Skjåk som har hatt Heyerdahl som lærar.
* Hosar, Hans P.: Samtalar med folk i Skjåk som har hatt Heyerdahl som lærar.
* ''Nationen'' (?) 7.12.1944, 50-årsomtale av Doro Heyerdahl. (Frå Nasjonalbiblioteket i Oslo, klipparkivet, med vanskeleg leseleg tilvising til avisnamnet.)
* ''Nationen'' (?) 7.12.1944, 50-årsomtale av Doro Heyerdahl. (Frå Nasjonalbiblioteket i Oslo, klipparkivet, med vanskeleg leseleg tilvising til avisnamnet.)
* ''Studenterne fra 1881''. Jubileumsårbok  ved 25-årsjubileet, Kristiania 1906. (Om faren Nils Roth Heyerdahl.)
* ''Studenterne fra 1884''. Jubileumsårbok  ved 25-årsjubileet, Kristiania 1909. (Om  mora Alette Hansen Aagaard Heyerdahl.)
* ''Studentene fra 1914''. Jubileumsbøker ved 25-årsjubileet (Oslo 1939) og 50-årsjubileet (Oslo 1964).
* ''Studentene fra 1914''. Jubileumsbøker ved 25-årsjubileet (Oslo 1939) og 50-årsjubileet (Oslo 1964).


Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer