Dovrefjell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dovrefjell med Fokstua stasjon på Dovrebanen

Dovrefjell (dialektform på sørsida: Doverfjelle' ) er namnet på fjellområdet geografisk avgrensa av elvene Jore i Lesja og Grøvudalselva i Sunndal, Drivadalføret frå Gjøra i Sunndal til Oppdal, frå Oppdal til Innset i Kvikne, Kviknedalføret og Savalen, Grimsdalen og Dovrebygd- og Dombås-dalføret attende til Jore.[1] I eldre litteratur har elles området vore definert større, t.d. av Johan Falkberget som inkluderte Rørosområdet i Dovrefjell.[2]

Namnet er truleg gjeve frå Oppdalssida: fjellet der vegen over til Dovre går. Dovre var nok opphavleg ein opphavsgard nede i dalen, så å nytte nemninga «Dovre» på fjellområdet er eigentleg like meiningslaust som å Fillefjell for «Fille».

Frå gamalt var nok Dovrefjell mest kjent som eit vanskeleg vegstykke å krysse, særleg fordi det er langt og går gjennom verhardt høgfjell. I nyare tid er det meir kjent for rik høgfjellsnatur med store område verna i form av Dovrefjell nasjonalpark og som nasjonalsymbol særleg i form av eidsvollmennenes utsegn da dei hadde avslutta grunnlovsarbeidet med «Enige og troe, indtil Dovre falder!».[3]

Steinalder

Ope for bidrag.

Jernalder - vikingtid

Ope for bidrag.

Mellomalder

Bygging av fjellstuer Elles ope for bidrag.

1500- og 1600-talet

Ope for bidrag.

1700- og 1800-talet

Vegbygging Elles ope for bidrag.

1900-talet

Jernbanebygging Nasjonalpark Elles ope for bidrag.

Fjellstuene rekna sørfrå

Fokstugu

Vesle-Hjerkinn

Hjerkinn

Kongsvoll

Holet

Drivstua

Ferdselsvegar

Fjellvegen frå Rise til Hjerkinn

Denne tok opp ved Rise, på austsida av høgste Risberget, over Jamterbekken i den vestre lia av Vinstradalen mot Stallhøa og Drottningdalen.[4]

Vårstigen

Vårstigen er namnet på den bratte vegstrekninga frå Holet til Nestasvollen. Drivdalen var trong og vanskeleg å passere, særleg i vårløysinga, så frå gamalt tok ride- og kløvvegen her opp frå dalbotnen og opp i skoggrensa. I samband med at kong Fredrik 4. skulle til Trondheim i 1704 vart det igangsett arbeid for å gjere Vårstigen køyrbar med vogn.

Vegstrekninga er 6230 meter. Breidda var nok i utgangspunktet 4 alner (2,5 m). Det er ikkje gjort større utbetringar etter 1704. I 150 år var dette hovudvegen mellom Sør-Noreg og Trøndelag.[5]

Fokstugu - Tofte

Litteratur

  • Kleiven, Ivar (1923). Lesja og Dovre. Kristiania: Aschehoug.
  • Rise, Ola J. (1947-51). Oppdalsboka. Historie og folkeminne. Bd I og II. Oslo: Tanum.
  • Sletbak, Nils (1977). Fjellstuene på Dovrefjell. Oslo: Det Norske Samlaget.

Referansar

  1. Sletbak s. 16
  2. Sletbak s. 15
  3. Jfr www.eidsvoll1814.no
  4. Rise bd II s. 76, stadnamna kontroolert mot kartet.
  5. Oppslagstavle ved enden av Vårstigen.