Drevja

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. okt. 2008 kl. 20:24 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude> {{thumb|Drevjedalen-2006-07-15.JPG|Drevjedalen sett frå Drevjamoen.}} '''Drevjo''' (utt. /"dræv.jɷ./ {{NA}}; ''i Drevjen'' utt. /"dræv.jen/ ({{D}})), ofte skrive s...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Drevjedalen sett frå Drevjamoen.

Drevjo (utt. /"dræv.jɷ./ Mal:NA; i Drevjen utt. /"dræv.jen/ (Mal:D)), ofte skrive som Drevja på normalnorsk, er ei elv og ein dal i Vefsn kommuneHelgeland. Dalen strekkjer seg frå Drevjaleira til Drevvatnet, mellom fjella Toven i vest og Hellfjellet og Blåfjellet i aust. Dalen har vegsamband til Mosjøen og Sandnessjøen via riksveg 78 og fylkesvegane fv. 241, fv. 241 , fv. 252 og Fylkesveg 254 i Nordland)fv. 254 til Elsfjord, Ømmervatnet og Fustvatnet. I tillegg er det planlagt å byggje Toventunnelen gjennom Tovenfjellet til Leirfjord som ein del av Veipakke Helgeland.

Namnet Drevjo kjem av drøv, som tyder ‘avleiring’.[1] Dativforma i Drevjen blir framleis noko bruka om bygda, men dativen er på veg ut i nyare dialekt.

Historie

Norges eldste ski er funnen i Drevjo. Karbondateringar har synt at skia er frå mellom år 3340 og 2940 fvt.

Drevja kirkje

Drevja sokn

Drevja sokn er eit sokn i Vefsn prestegjeld. Drevja kirkje vart bygd i 1883.

Drevja kommune

I tida 19271962 var Drevjo ein eigen kommune under namnet Drevja kommune. Utanom denne tidbolken har Drevjo høyrt til Vefsn kommune.

Drevjamoen ekserserplass.
Foto: H. Dahlmo

Drevjamoen ekserserplass ligg i Øvre Drevjo. Lenger ned i Drevja ligg Granmoen med Granmoen boligfelt og barnehage og skule for 1. til 10. klassetrinn.

Elva Drevjo er verna i samla plan for vassdrag. Elva er infisert av lakseparasitten Gyrodactilus salaris og laksetrappa ved Forsmoen er stengt.

Musikk

Drevjo er kjent for den særprega folkemusikktradisjonen, inkludert den karakteristiske drevjapolsen.

Referansar

  1. Drevja,1948, av Gunnar Holand.

Litteratur

Vefsn bygdebok særbind VIIa 2006, Gardshistorie for Vefsn (red.:Espen Andresen)

Lenkjer

Mal:Nynorsk Wikipedia Mal:Bokmålswikipedia