Eidfjord (tettstad): Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 7: | Linje 7: | ||
== Kjelder og litteratur == | == Kjelder og litteratur == | ||
*{{WP-artikkel|https://nn.wikipedia.org/wiki/Eidfjord|Eidfjord|nn}} | |||
*{{SSB Tettsteder 2016}} | |||
[[Kategori:Eidfjord kommune]] | |||
[[Kategori:Tettsteder]] | |||
{{nn}} |
Sideversjonen fra 11. sep. 2018 kl. 09:47
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Eidfjord er kommunesenteret og den einaste tettstaden i Eidfjord kommune. Staden ligg der elva Eio renn ut i Eidfjorden, som er den inste delen av Hardangerfjorden. Staden kallast og Nedre Eidfjord for å skilje han frå tettbebyggelsen Øvre Eidfjord ved Eidsfjordsvatnet. Tettstaden har om lag ...innbyggjarar; det utgjer nesten 2/3 av folketalet i kommunen.
Staden har i mange hundre år vore sentrum i bygda. Her ligg mellom anna Eidfjord gamle kyrkje, ei steinkyrkje frå 1300-tallet. Ho vart i 1981 avløyst av Eidjord kyrkje. Dei andre offentlege institusjonane i tettstaden Eidfjord er rådhuset, omsorgssenteret Bygdaheimen og Lægreid skule, som er den einaste skulen i kommunen.
Tettstaden har òg fleire butikkar, hotell og bryggje. Her legg mellom anna cruisebåtane til. Eidfjord har lange tradisjonar som turiststad, mellom anna som innfallsport til Vøringsfossen.
Kjelder og litteratur
- Mal:WP-artikkel
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2016.