Eigarar av Jostedal kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. okt. 2010 kl. 19:02 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: Kyrkjeeigarar i Jostedalen Dette er ei liste over dei private eigarane av Josetdal kyrkje frå kyrkjesalet kring 1723 til kommunen fekk hand om den siste eigarparten i kyrkja i 1909.…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kyrkjeeigarar i Jostedalen

Dette er ei liste over dei private eigarane av Josetdal kyrkje frå kyrkjesalet kring 1723

til kommunen fekk hand om den siste eigarparten i kyrkja i 1909.

I samband med reformasjonen la kongemakta alt kyrkjegods under seg. I 1720-åra vart så dei

aller fleste landkyrkjene auksjonerte bort til private. Jostedal kyrkje vart òg seld, truleg

i 1723.

År Eigar(ar) Merknader
Ca 1723-1726 Henrik Nitter Skøyte 11. august 1725 utferda til Nitters arvingar
1726-1751 Hans Wiingaard Skøyte 2. november 1726
1751-1762 Ole Anderson Åsen, John Erikson Nedrelid og Henrik Anderson Kreken Skøyte

-, 22. juli 1751

1762-1785 Otto Olson Grov Skøyte 19. juli 1762
1785-1793 Nils Larson Li og Erik Anderson Åsen Skøyte 1. juni 1785
1793-ca 1833 Johannes Asbjørnson Hus Skøyte 3. juni 1793. Det er rimeleg å tru at

kyrkja vart seld då Hus døydde i 1833

Ca 1850-1891/1909 Hans Rasmussen Hellegaard og Tøger Larson Kruna Sjå nedanfor
Frå 1891/1909 Jostedal kommune Sjå nedanfor

Etter Johannes Asbjørnson Hus vart det ikkje utferda skøyte på kyrkja, så det er uklart kven

som har vore eigarar. Truleg har det vore noko ein ikkje kjenner til frå Hus døydde i 1833

til Hans Rasmussen Hellegaard kjøpte ein eigarpart. Det gjorde han truleg mellom 1844 og 1856

då han var eigar av Hellegård. Han åtte 11/12 av kyrkja, og den siste tolvdelen åtte Tøger

Larson Kronen utan at me veit når han fekk hand om denne eigarparten. Det var fyrst etter at

han døydde i 1909 at kommunen fekk kjøpt den siste parten i skifteoppgjeret.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5).

Gaupne: Luster kommune, s. 325.

([http://www.nb.no/utlevering/nb/3e0d6828c2b4d539b4d38892e2274895#&struct=DIV458 digital

utgåve, NBdigital])

  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og

soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 68-69.