Elling K. Tjønneland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. mar. 2012 kl. 14:25 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Elling K. Tjønneland''' (fødd i Gaular 1881, død i Skjåk 1960) var folkeskulelærar i Skjåk frå 1904 til han gjekk av med pensjon i 1951. I sine haldningar og g...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Elling K. Tjønneland (fødd i Gaular 1881, død i Skjåk 1960) var folkeskulelærar i Skjåk frå 1904 til han gjekk av med pensjon i 1951. I sine haldningar og gjennom si verksemd i og utanom lærargjerninga svara han godt til dei gjengs førestillingane om den typiske vestlandslærar. Han ivra for fråhaldssaka og målsaka, og var elles aktiv i skulepolitikk, helsearbeid og ungdomslagsarbeid. Hans arbeid for nynorsk skulemål skaffa han ikkje berre vener i bygda. Under okkupasjonstida var han ein frittalande antinazist, og han var aktivt med i den organiserte sivile motstandskampen.