Eltvik krins

Eltvik krins er ein skulekrins i Selje kommune i Nordfjord. I ein periode var Eltvik og Honningsvåg ein kris.

Skulehus

Skulehuset i Eltvik krins sto mest sannsynleg ferdig i løpet av 1909, då det første møte i krinsen i det nye skulehuset var 21.januar 1910. Tomta til skulehuset vart kjøpt i 1905 av Severin Eltvik og Nikolai V. Eltvik. Huset var bygd på ein steinmur. Før dette var det omgangskule i leigd lokale hos blant anna Samuel Rasmussen Eltvik, Johan Samuelsen Eltvik, Peder Pedersen Eltvik og Nikolai V. Eltvik.

Skuledagen

Skulevegen

Ut i frå skuleprotokollane og dagbøkene viser det seg at Eltvik og Honningsvåg var ein krins i ein periode, det er usikkert kor lenge denne perioden var, men vertfall mellom 1887-1891 hadde desse to stadane same lærarar og protokollar. På vinteren i denne perioden var det vinterskule på kvar stad, mens på våren og hausten hadde dei skule saman. Elevane og lærarwn må da ha gått over fjellet mellom dei to stadane sidan det bytta på kva stad det var skule.

Lærarar

Etternamn Fornamn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Hjelle Oskar S. 01.10.1900 Eltvik 1923 1939 Elverum lærarskule Jobba etter dette i Kjøde krins, men var også innom Ervik og Drage krinsar
Myklebust A. Eltvik Var vikar i vertfall åra 1931-1934, men skreiv også under på protokollane frå 1927-1931
Sjåastad Jonas Eltvik Har signert som lærar i 1947 og i første halvdel av 1948

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Forhandlingsprotokoll for Honningsvåg og Eltvik skulekrins 1890-1980

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 62.18547° N 5.23708° Ø