Embjørg Kvale

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. apr. 2012 kl. 10:53 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Embjørg Kvale''' (fødd Stensgård i Skjåk 1870, død i Skjåk 1966) var meierist, gard- og landhandlarkone. Ho var ei føregangskvinne for meieri-/ysteridrift i heimbygda. =...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Embjørg Kvale (fødd Stensgård i Skjåk 1870, død i Skjåk 1966) var meierist, gard- og landhandlarkone. Ho var ei føregangskvinne for meieri-/ysteridrift i heimbygda.


Familie

Embjørg var den sjuande i ein syskenflokk på 10, fødd og oppvaksen på garden Stensgard på Bersustrond i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Hans Kristensen Stensgård (1825-1893) og Embjørg Rolvsdotter fødd Vigstad (f. 1833). I 1898 gifta Embjørg Hansdotter seg med Erik Rolvsen Kvale (f. 1871). Dei fekk tre born.


Meierske

Allereie den sommaren ho vart konfirmert, var Embjørg budeie på Stensgårds-setra på Øverstulen på Billingen. Der fekk ho ansvaret for 11 kyr og 40 geiter, men mora måtte avløyse henne dei dagane jentungen skulle på konfirmasjonsførebuing. Som attenåring kom Embjørg i lære ved Stange meieri, der ho var i halvtanna år. Deretter var ho tilsett ved eit meieri i EnebakkNedre Romerike i fire år, moglegvis som styrar. Ho fekk og eit stipend som gav henne vidare utdanning i Danmark, og fleire gonger oppnådde ho premiar for produkta sine på utstillingar.