Enevold Steenblock Høyum: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Mellomlagring)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 5: Linje 5:
Enevld Høyum gifta seg i Holla 3. juli 1810 med Edel Maria Thornsohn (døypt i Holla 11. april 1778, død same stad 12. august 1861). Ho var dotter til fut i Nedre Telemark Samuel Thornsohn og Sophie Christence Rougtved. Same år som giftarmålet fann stad, kjøpte Høyum garden Søve av svigermora, og ekteparet budde der livet ut. Dei fekk seks born. Tre av dei døydde som små. Eldste son Samuel Thornsohn døydde som 15-åring, Hans Severin døydde som sjømann 19 år gammal. Berre dottera Nikoline Mathilde Marie overlevde foreldra og overtok Søve og stifta familie.

Enevold Høyum vart offiser (fenrik) ved Telemarkske regiment frå 1794. Da hadde han allereie i fleire år vore i militær teneste med underoffisers grad. I detalj var den offiserskarrieren som følgjer:
*1794: Fenrik a la suite (i påvente av stilling) ved Telemarkske infanteriregiment.
*1799: Verkeleg fenrik ved regimentets 1. gevorbne grenaderkompani 12.4.1799.
*1799: Sekondløytnant ved Nedre Telemarkske kompani 13.12.1799.
*1800: Forflytta til 2. grenaderkompani, men seinare på året premierløytnant ved 1. Telemarkske kompani.
*1802: Til Nedeneske kompani.
*1804: Til Hitterdalske kompani.
*1809: Til 2. tjenestegjørende grenaderkompani, 18.7.1809.
*1809: Kaptein og sjef for 1. Vestfjeldske kompani 14.12.1809.
*1814: Sjef for regimentets depotavdeling i Drammen.
*1818: Permittert med [[Vartpenger|vartpengar]] ved hærreduksjonen det året.

Sideversjonen fra 4. feb. 2014 kl. 13:31

Enevold Steenblock Høyum (fødd i Heddal eller Sauherad 15. mai 1775, død i Holla 24. januar 1830), var offiser, gardbrukar og eidsvollsmann.

Fødestaden er hjå Ovenstad oppgjeve til Heddal (nåverande Notodden kommune), hjå Koht Sauherad. Foreldra overtok garden Haug i Sauherad fyrst da Enevold var seks år gammal, men kan ha budd der før det.[1] Enevold var son av løytnant, seinare oberst, Peter Nicolai Høyum (ca. 1740-1822) og Marthe Francisca Enevoldsdotter Steenbloch (1743-18?). Enevold var eldst og einaste gut av seks sysken.

Enevld Høyum gifta seg i Holla 3. juli 1810 med Edel Maria Thornsohn (døypt i Holla 11. april 1778, død same stad 12. august 1861). Ho var dotter til fut i Nedre Telemark Samuel Thornsohn og Sophie Christence Rougtved. Same år som giftarmålet fann stad, kjøpte Høyum garden Søve av svigermora, og ekteparet budde der livet ut. Dei fekk seks born. Tre av dei døydde som små. Eldste son Samuel Thornsohn døydde som 15-åring, Hans Severin døydde som sjømann 19 år gammal. Berre dottera Nikoline Mathilde Marie overlevde foreldra og overtok Søve og stifta familie.

Enevold Høyum vart offiser (fenrik) ved Telemarkske regiment frå 1794. Da hadde han allereie i fleire år vore i militær teneste med underoffisers grad. I detalj var den offiserskarrieren som følgjer:

  • 1794: Fenrik a la suite (i påvente av stilling) ved Telemarkske infanteriregiment.
  • 1799: Verkeleg fenrik ved regimentets 1. gevorbne grenaderkompani 12.4.1799.
  • 1799: Sekondløytnant ved Nedre Telemarkske kompani 13.12.1799.
  • 1800: Forflytta til 2. grenaderkompani, men seinare på året premierløytnant ved 1. Telemarkske kompani.
  • 1802: Til Nedeneske kompani.
  • 1804: Til Hitterdalske kompani.
  • 1809: Til 2. tjenestegjørende grenaderkompani, 18.7.1809.
  • 1809: Kaptein og sjef for 1. Vestfjeldske kompani 14.12.1809.
  • 1814: Sjef for regimentets depotavdeling i Drammen.
  • 1818: Permittert med vartpengar ved hærreduksjonen det året.

Referansar

  1. Kirkeby, B. 1985:326.

Kjelder og litteratur

  • Fure, Eli: Eidsvoll 1814. Hvordan grunnloven ble til. Dreyer 1989.
  • Kirkeby, Birger: Bygdebok for Sauherad. Gards- og ættesoge, bd. III. Sauherad kommune 1985.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Høyum i Norsk biografisk leksikon 1934.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bd I. Oslo 1948.
  • Schnitler, Carl W.: «Officerene» i Halvdan Kohts og Carl W.Schnitlers kapittel om eidsvollsmennene i Eidsvold 1814. Kristiania 1914.
  • Ytterbøe, S.: Holla. Historisk skildring av bygda og dens utvikling. Gårds- og slektshistorie. Oslo 1925.