Esing

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2016 kl. 10:57 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>{{C02541 Gressetgeita.jpg|På geitbåtar går esingen tradisjonelt langs alle rorsromma, men ikkje i skottane.|Olve Utne|2011}} Ein eller ei '''esing''' (eldre nynor...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:C02541 Gressetgeita.jpg Ein eller ei esing (eldre nynorsk og talemålet nordafjells: æsing) er ei innvendig, langsgåande list langs øvste eller nest øvste bordet på båtsida i opne, klinkbygde båtar. Esingen tener til å avstive og forsterke båten langskips. På tradisjonsbåtane frå Nordhordland og nordover ligg esingen helst i overgangen mellom nest øvste og øvste bordet. På Nordhordlandsbåten (geitabåten), sognabåten, sunnfjordsbåten, nordfjordsbåten går esingen frå rong til rong (fotstø til fotstø); og på åfjordsbåten og nordlandsbåten går han frå stamn til stamn. Sunnmørsbåtane og geitbåtane skil seg ut ved at esingen berre går langs rorsromma og manglar i fram- og bakskott. På aurgjeldsgeiter av eldre type er det likeeins som for geitbåtar elles, men den yngre typen aurgjeldsgeit har gjerne esing berre i bakre rorsrom (to rom på fyringen).