Ethelbert Lort Phillips: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(anonymt bilde, ca 1910/11)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>'''[[Ethelbert Lort Phillips]]''' ([[1857]]&ndash;1943 el. 1944) var ein [[england|engelsk]] forretningsmann og hobby[[naturalist]] som elles er kjent for å ha tilbrakt mykje tid på Indre [[Nordmøre]], der han blant anna let byggje fire [[sportsvilla]]er, eller [[turisthytte|turisthytter]] som vi heller kallar dei i dag. </onlyinclude>
<onlyinclude>{{thumb|Ethelbert Lort Phillips ca 1910-1911.jpg|Anonymt portrettfoto, trulig frå borgarmeistertida i Dartmouth (1910&ndash;11).}}'''[[Ethelbert Lort Phillips]]''' ([[1857]]&ndash;1943 el. 1944) var ein [[england|engelsk]] forretningsmann og hobby[[naturalist]] som elles er kjent for å ha tilbrakt mykje tid på Indre [[Nordmøre]], der han blant anna let byggje fire [[sportsvilla]]er, eller [[turisthytte|turisthytter]] som vi heller kallar dei i dag. </onlyinclude>


== Familie ==
== Familie ==

Sideversjonen fra 14. jan. 2010 kl. 12:07

Anonymt portrettfoto, trulig frå borgarmeistertida i Dartmouth (1910–11).

Ethelbert Lort Phillips (1857–1943 el. 1944) var ein engelsk forretningsmann og hobbynaturalist som elles er kjent for å ha tilbrakt mykje tid på Indre Nordmøre, der han blant anna let byggje fire sportsvillaer, eller turisthytter som vi heller kallar dei i dag.

Familie

Ethelbert Edward Lort Phillips vart fødd i 1857 som det andre av fire born av Richard Ilbert Lort Phillips (18191860) og Frederica Isabella de Rutzen (d. 1904).[1] Han vart gift i 1891 med Louisa Jane Forbes Gunnis (d. 1946), dotter av George Ponton Gunnis.[1] Ethelbert Lort Phillips dødde i 1943 (etter norske kjelder) eller i 1944 (etter britiske kjelder).

Dartmouth

Ethelbert Lort Phillips var forretningsmann i Dartmouth, og var òg borgarmeister der i 191011.[2] Ulike kjelder tyder på at anten Ethelbert[3] eller Louisa[4] var arkitekt av yrke.

Afrika

Som naturalist var han særleg interessert i ornitologi, og mellom 1884 og 1895 tilbrakte han mykje tid på jakt i Afrika, der han òg samla inn naturhistoriske data. Han gav somaliatrasten sitt vitskaplege namn, Turdus ludoviciae.[5] I 1885 gav George Ernest Shelley (1840-1910) fuglearten somaliasteinskvett sitt vitskaplege namn, Oenanthe phillipsi, etter honom .[6]

Nordmøre

Første gongen Lort Phillips kom til Norge var i 1886, da han reiste til Nordmøre for å fiske laks i Driva. Etterkvart tilbrakte han og kona kvar sommar på Nordmøre — siste gongen så seint som i 1937.[7]

Hytter

Munnlege tradisjonar i Sunndalen seier at Louisa skal ha laga teikningane til sportsvillaene familien let byggje på Nordmøre.[4]* 1910–11 - Vangshaugen

Fotnotar