Evjetun leirstad og ungdomssenter: Forskjell mellom sideversjoner

thumb-mal, retter utdrag
mIngen redigeringsforklaring
(thumb-mal, retter utdrag)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude><includeonly>[[Bilde:Evjetun 1960-åra.jpg|thumb|Slik såg leirstaden ut i mange år.]]</includeonly>
<onlyinclude>{{thumb|Evjetun 1960-åra.jpg|Slik såg leirstaden ut i mange år.}}
'''[[Evjetun leirstad og ungdomssenter]]''' i [[Evje]] på [[Aust-Agder|Agder]] er ein av dei om lag tretti leirstadane [[Norsk Luthersk Misjonssamband]] (NLM) har i Noreg. Evjetun er ein topp moderne leirstad som driv forskjellige former for barne- og ungdomsarbeid. Sjølve «flaggskipet» på Evjetun er leirskuleverksemda, ti veker om våren og ti om hausten. Då kan det vere opp mot 120 leirskuledeltakarar per veke. Evjetun vart bygt i 1961. Då reiste NLM mange leirstader kring i landet.

2. pinsedag 1961 vart Evjetun leirstad vigsla av hovudstyreformann [[Kristian Haanes]]. Bortimot tusen menneske – langt over det ein hadde reikna med – var møtt fram til vigslingshøgtida, skriv krinssekretær [[Olav Kleven]] i ''Ut i all verden'' nr. 3 1961. Møtesalen kunne på langt nær romme alle dei frammøtte. Men dagen var solrik og varm og dei som sat ute, kunne fylgje med på arrangementet via høgtalar. Haanes heldt vigslingstalen over Luk 5: 1-11. Eg var med blant tilhøyrarane denne dagen. [[Notto Flaat]] hadde sett opp buss frå [[Flatebygd]]. På Setesdalsvegen ved Evjetun stod lensmannsbetjent Salvesen og dirigerte trafikken. Å sjå så mykje folk samla på ein stad, var ikkje kvardagskost for ein tenåring frå Flatebygd. Misjonsvenene gledde seg over den store og vakre leirstaden ein nå hadde fått midt i krinsen. Oppslutninga om leirar som hadde vorte arrangerte kring i krinsen i etterkrigstida, hadde vore aukande. Leirar for born og tenåringar hadde blitt arrangert frå slutten av 1940-åra både på [[Drottningborg handelsskule]] og ungdomsskulen på [[Kvås]]. I tillegg vart det på 1950-talet arrangert leirar fleire stader.  Nokre år hadde dei leir på [[Løddesøl]] og – hugsar eg ikkje feil – i [[Reddal]]. Her på Evje blei den gamle amtskulen på [[Galteland]] brukt til leirar nokre sommarar. I siste halvpart av 1950-talet vart det arrangert leir både sommarstid og i påska i heimen til Brødrene Gautestad der [[Gautestad Kurs- og Misjonssenter]] nå ligg. Leirane eg var med på, hadde mykje å seie for å peike ut livskursen min. Sjølv om forholda på nokre av stadene der leir vart arrangerte, var svært enkle og sikkert tungvinne og arbeidskrevande for dei som gjennomførte leiren, så hadde me leirdeltakarane det gildt med mykje skjemt og gama. Framleis hender det at nokre av oss som var saman på leir, mimrar om morosame opplevingar frå den tida.</onlyinclude>
 
2. pinsedag 1961 vart Evjetun leirstad vigsla av hovudstyreformann [[Kristian Haanes]]. Bortimot tusen menneske – langt over det ein hadde reikna med – var møtt fram til vigslingshøgtida, skriv krinssekretær [[Olav Kleven]] i ''Ut i all verden'' nr. 3 1961.</onlyinclude> Møtesalen kunne på langt nær romme alle dei frammøtte. Men dagen var solrik og varm og dei som sat ute, kunne fylgje med på arrangementet via høgtalar. Haanes heldt vigslingstalen over Luk 5: 1-11. Eg var med blant tilhøyrarane denne dagen. [[Notto Flaat]] hadde sett opp buss frå [[Flatebygd]]. På Setesdalsvegen ved Evjetun stod lensmannsbetjent Salvesen og dirigerte trafikken. Å sjå så mykje folk samla på ein stad, var ikkje kvardagskost for ein tenåring frå Flatebygd.  

Misjonsvenene gledde seg over den store og vakre leirstaden ein nå hadde fått midt i krinsen. Oppslutninga om leirar som hadde vorte arrangerte kring i krinsen i etterkrigstida, hadde vore aukande. Leirar for born og tenåringar hadde blitt arrangert frå slutten av 1940-åra både på [[Drottningborg handelsskule]] og ungdomsskulen på [[Kvås]]. I tillegg vart det på 1950-talet arrangert leirar fleire stader.  Nokre år hadde dei leir på [[Løddesøl]] og – hugsar eg ikkje feil – i [[Reddal]]. Her på Evje blei den gamle amtskulen på [[Galteland]] brukt til leirar nokre sommarar. I siste halvpart av 1950-talet vart det arrangert leir både sommarstid og i påska i heimen til Brødrene Gautestad der [[Gautestad Kurs- og Misjonssenter]] nå ligg. Leirane eg var med på, hadde mykje å seie for å peike ut livskursen min. Sjølv om forholda på nokre av stadene der leir vart arrangerte, var svært enkle og sikkert tungvinne og arbeidskrevande for dei som gjennomførte leiren, så hadde me leirdeltakarane det gildt med mykje skjemt og gama. Framleis hender det at nokre av oss som var saman på leir, mimrar om morosame opplevingar frå den tida.

== Planar om leirstad ==
== Planar om leirstad ==
Linje 15: Linje 17:

== Evjetun leirstad blir reist ==
== Evjetun leirstad blir reist ==
[[Bilde:Evjetun 1960-åra.jpg|thumb|Slik såg leirstaden ut i mange år.]]
Krinsstyret hadde av krinsårsmøtet i 1957 fått mynde til å gå i gang med bygging av leirstad så snart spursmålet om tomt var i orden. Byggenemnd vart oppnemnd, og då tomtespursmålet var løyst, fekk arkitekt [[Gunnar Fjermeros]] i oppdrag å teikne bygget. Samstundes sette ein i gang med innsamling av pengar og materiale. [[Sverre Pettersen]] og [[Ingvald Pettersen]] var på innsamlingstur oppetter [[Setesdal]]. Det var vel helst vener av Misjonssambandet dei oppsøkte, men Ingvald fortalte at ein stad var Sverre også innom presten. Presten svara i første omgang at han visste ikkje om han kunne gje noko sidan det var så mange gode føremål å gje til. Sverre gav seg ikkje, og resultatet vart at dei fekk ei pengegåve også av presten.  

Veiledere, Administratorer
173 321

redigeringer