Førde (tettstad): Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 15: | Linje 15: | ||
== Bilete == | == Bilete == | ||
<gallery> | |||
Fil:Førde kirke - no-nb digifoto 20150121 00051 NB MIT FNR 19635.jpg|Førde kyrkje. | Fil:Førde kirke - no-nb digifoto 20150121 00051 NB MIT FNR 19635.jpg|Førde kyrkje. | ||
Fil: | Fil:NRK Sogn og Fjordane.jpg|NRK Sogn og Fjordane. | ||
</gallery> | |||
[[Kategori:Tettsteder]] | [[Kategori:Tettsteder]] | ||
[[Kategori:Førde kommune]] | [[Kategori:Førde kommune]] |
Sideversjonen fra 13. okt. 2016 kl. 12:44
Førde er administrasjonssenteret i Førde kommune, Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Tettstaden, som har 10 099 innbyggjarar (2013), er den største i fylket. Førde er eit regionsenter for både handel, utdanning, administrasjon og helsetenester og husar mellom anna avdeling av Høgskulen i Sogn og Fjordane, vidaregåande skule, sjukehus og sjukehusadministrasjon (Helse Førde). Hovedkontoret til NRK Sogn og Fjordane ligg i Førde, og lokalavisa Firda kjem ut her.
Førde sentrum ligg på båe sider av elva Jølstra og er knytt saman med Langebrua, Storehagen bru og Hafstadbrua. I sentrum finn ein til dømes Førde kyrkje og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Sidan slutten av 1980-åra har sentrum vore prega av store handelshus, og på Kronborg har det kome fleire store butikkar. Førde er dessutan kjent som «bilbyen» i Sogn og Fjordane, av di det ligg mange bilbutikkar her.
Sidan 1960-talet har Førde vore i sterk vekst, mellom anna fordi Distriktenes Utbyggingsfond peika ut staden som såkalla vekstsenter i eit Indre Sunnfjord med kraftig nedgang i folketalet. I 1971 vedtok Ankerløkken Verft å byggje eit nytt storverft her, som på det meste sysselsette 400 personar. I 1979 kom sentralsjukehuset, som er den største arbeidsplassen i fylket.
Det er vedteke at Førde blir administrasjonssenter i den nye storkommunen i Indre Sunnfjord, som blir danna når Førde, Jølster, Gloppen og Naustdal går saman i 2020.