Førde (tettstad): Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
(→Bilete) |
||
Linje 18: | Linje 18: | ||
<gallery widths=230 heights=230> | <gallery widths=230 heights=230> | ||
Fil:Førde kirke - no-nb digifoto 20150121 00051 NB MIT FNR 19635.jpg|Førde kyrkje.{{byline|Nasjonalbiblioteket}} | Fil:Førde kirke - no-nb digifoto 20150121 00051 NB MIT FNR 19635.jpg|Førde kyrkje.{{byline|Nasjonalbiblioteket}} | ||
Fil:NRK Sogn og Fjordane.jpg|NRK Sogn og Fjordane.{{byline|Erik U. Birkeland ( | Fil:NRK Sogn og Fjordane.jpg|NRK Sogn og Fjordane.{{byline|Erik U. Birkeland (2009)}} | ||
Fil:Annonse fra Førde Ullspinneri i Florø og litt om Sunnfjord.jpg|Annonse frå Førde Ullspinneri.{{byline|''Florø og litt om Sunnfjord'' (1935)}} | Fil:Annonse fra Førde Ullspinneri i Florø og litt om Sunnfjord.jpg|Annonse frå Førde Ullspinneri.{{byline|''Florø og litt om Sunnfjord'' (1935)}} | ||
</gallery> | </gallery> |
Sideversjonen fra 13. okt. 2016 kl. 13:22
Førde er administrasjonssenteret i Førde kommune, Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Tettstaden, som har 10 099 innbyggjarar (2013), er den største i fylket. Førde er eit regionsenter for både handel, utdanning, administrasjon og helsetenester og husar mellom anna avdeling av Høgskulen i Sogn og Fjordane, vidaregåande skule, sjukehus og sjukehusadministrasjon (Helse Førde). Hovedkontoret til NRK Sogn og Fjordane ligg i Førde, og lokalavisa Firda kjem ut her.
Tettstaden ligg inst i Førdefjorden, der elva Jølstra renn ut i fjorden. Busetnaden ligg på båe sider av elva og er knytt saman med Langebrua, Storehagen bru og Hafstadbrua. I sentrum finn ein til dømes Førde kyrkje og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Sidan slutten av 1980-åra har sentrum òg vore prega av store handelshus, og på Kronborg har det kome fleire store butikkar. Førde er dessutan kjent som «bilbyen» i Sogn og Fjordane, av di det ligg mange bilbutikkar her.
Sidan 1960-talet har Førde vore i sterk vekst, mellom anna fordi Distriktenes Utbyggingsfond peika ut staden som såkalla vekstsenter i eit Indre Sunnfjord med kraftig nedgang i folketalet. I 1971 vedtok Ankerløkken Verft å byggje eit nytt storverft her, som på det meste sysselsette 400 personar. I 1979 kom sentralsjukehuset, den største arbeidsplassen i fylket.
Det er vedteke at Førde blir administrasjonssenter i den nye storkommunen i Indre Sunnfjord, som blir danna når Førde, Jølster, Gloppen og Naustdal går saman i 2020.