Fartøyet/båten sine lengdemål: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(merker med under arbeid)
m (Kjelder og kategoriar)
Linje 1: Linje 1:
{{under arbeid}}
'''Fartøyet/båten sine lengdemål''' skulle ein tru er ei enkel sak.  
'''Fartøyet/båten sine lengdemål''' skulle ein tru er ei enkel sak.  


Linje 71: Linje 69:


Norsk alen = 24 " = 2 fot = 0,3144 m x 2 = 0,629 m = 62,9 cm
Norsk alen = 24 " = 2 fot = 0,3144 m x 2 = 0,629 m = 62,9 cm
==Kjelder og informantar==
*[[Register over merkepliktige norske fiskefarkostar]]
* http://no.wikipedia.org/wiki/Lengde_mellom_perpendikul%C3%A6rene
* Tekniske regnetabeller. Smeby og Kobberstad. Cappelens forlag 1966
* Sunnmørsåttringen. Av yverlærar Bernh. Færøvik
*[[Bruker: Oddvar Høydalsvik|Høydalsvik, Oddvar E.]] f.1951
[[Kategori: Fartøy]]
[[Kategori: Kystkultur]]
[[Kategori: Sjøbruk]]
[[Kategori: Fiske]]

Sideversjonen fra 13. feb. 2012 kl. 22:31

Fartøyet/båten sine lengdemål skulle ein tru er ei enkel sak.

Ta eit målband, mål ditt fartøy og samanlikn med andre fartøy: Det er truleg best å ta lengdemåla i fyrste omgang. Tenk slik: Lengste lengde er forståeleg for folk flest. For dei andre måla er ein avhengig av kunnskap om fartøytypar og for gamle fartøy/båtar endar ein opp med eit spørsmål om kor høg ein vaksen mann var i dette tidsromet for å kunne føreta ei fornuftig samanlikning av størrelsar.


Nyare målemetodar:

Oppgitt i SI-einingar. Sjøfartsdirektøren har til ei kvar tid gjeldande fasit.

Sjå: http://no.wikipedia.org/wiki/Lengde_mellom_perpendikul%C3%A6rene

LOA = Lengde over alt = Total lengde

LPP = Lengde mellom perpendikulæane.

Registreringslengd = Lengde mellom bakre perpendikulær og kryssingspunktet mellom baug og dekksplate på øvste dekk i skroget. Perpendikulæren er ei rett oppståande linje som står 90 grader på vassflata.

Bakre perpendikulær er relativt grei så lenge fartøyet har ror og rorhengsle/rorstamme. Den går i senter på rorstamma/rorhengsle. I Fiskeriregisteret omtala som bakkant av bakstamn (men det er ikkje så slavisk det ser ut til då komstruksjonsmessige detaljar med tillegg av diverse misforståelsar har sterk innvirkning på meiningane til folk).

Fremre perpendikulær er omlag i kryssingspunktet mellom baugen og vasslinja på fartøy utan last. Ein finn litt avvikande forklaringar, det kan og vere oppgitt berekna vasslinje ved konstruksjon.


Tidlegare målemetodar

Fiskebåtregisteret har frå 1920 til dags dato registrert mange fiskefartøy og har denne formuleringa for måling:

Avskrift frå fiskebåtregisteret 1923: 3dje rubrikk: Lengde, bredde og dybde: Kjennningsmålene er angitt i fot og tiendedeler derav. Engelske mål er trykt med skrå skrift, norske mål med opretstående skrift. Mål oppgitt til registeret i meter, meterfot eller norske fot og tommer, er omregnet til norske fot og tiendedele. Det mål som er oppgitt som lengde for en rekke hekksbyggede farkosters vedkommende, antas å angi farkostens største lengde, mens der skulde være opgitt lengde fra forkant av forstevnen til akterkant av av øverste ende av bakstevnen (tenk perpendikulærene og at bakstevnen er den rett oppståande planken på kjølen som propellhylsa sit i med "attklossingar" eller rotvaksen bakstamn for gjenomboring for rorstamme eller beslag for rorhengsle. Lokale konstruksjonar blir tolka. Blir synleg ved ommåling, måla endrar seg, ikkje båten).

Dette fortel at om ei ser på ein båt og tenkjer oppgitt talstørrelse og totallengd er det god grunn til å tenkje seg om ein gong til.

Dei som har sendt inn måla til registrering har nok ikkje hatt samsvarande oppfatning om korleis måla skulle takast. Resultatet er dermed litt ymse fram til rundt 1960 då ein i hovedsak gjekk over til SI-einingar (metriske).

Før 1920 og vidare bakover i tid der tumar, fot og alner var lengdemåla endar ein oppe med å spørje: Kva for tume, fot og alen snakkar vi om ? Listar ein opp måla så langt ein finn ser ein at for ro- og seglbåtar i størrelse færing til åttring vart lengde målt etter ripa, oppgitt i alner, og ikkje paralellt med kjølen. For sunnmørsfjordane vart ein vanleg 6-borda, mykje brukt færingsstørrelse, heilt fram til 1970 omtala som ein nialning. Truleg ni norske alner (ca. 0,629 m) etter ripa (kanskje båtalner -- 0,549 m). Omtala også som 14-foting. Då målt lengste lengde i norske fot. Men ni-alningen kunne vere "hollje" (dryg) framme og "kvædinj" (lite bereevne) bak eller omvent alt etter kva den skulle brukast til. Dermed var den gamle måten å måle på meir anvendeleg enn moderne totalt lengdemål. Går ein bakover i tid er det ein glidande overgang til eldre alner der den lengste er 0,629 m og den kortaste er 0,419 m. Mest sannsynleg brukt alen for båt er nok båtalna på 0,549 m. At dei ymse alnelengdene har skapt misforståelsar og krangel ved handel er mykje truleg .

Ei forteljing ein kjenner til frå eit trebåtverft ein gong rett etter andre verdskrig seier at etter båten vart forlengd og ommålt synte det seg at den var kortare enn før forlenging. Dermed fordampa tilskotet til forlenging. Årsaka til dette kan vere at båten tidlegare er oppgitt i total lengde. Det skal ikkje vere enkelt.


Dei gamle måla (her kjem nok fleire):

Tumar:

Norsk: 26,17 mm = 0,02617 m Engelsk: 25,4 mm = 0,0254 m

Fot:

Meterfot = 1/3 meter = 33,33 cm =0,3333 m

Norsk: 1 fot = 12 tomar = 0,0262 m x 12 = 0,3144 m = 31,4 cm (kontroller)

Engelsk: 1 fot = 12 tomar = 0,0254 m x 12 = 0,3048 m = 30,5 cm


Alner (frå eldre tid ofte målt etter ripa ved oppgitt båtmål. Om dette målet var teke mellom stamnane eller til senterlinje utvendig stamn er førebels ukjent):

Tumalen =16 " = 0,0262 m x 16 = 0, 419 m = 41,9 cm

Fingeralen = 18 " = 0,0262 m x 18 = 0,471 m = 47,1 cm

Lovalen = 18 " = 0,0262 m x 18 = 0,471 m = 47,1 cm

Nevalen = omlag 55 cm. Altså lik ei båtalen

Båtalen = 21 " (norsk) = 54,92 cm = 0,549 m

Norsk alen = 24 " = 2 fot = 0,3144 m x 2 = 0,629 m = 62,9 cm


Kjelder og informantar