Fartøyet/båten sine lengdemål: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (Skisse og eit hjartesukk)
m (Retta skrivefeil)
Linje 78: Linje 78:
Norsk alen = 24 " = 2 fot = 0,3144 m x 2 = 0,629 m = 62,9 cm
Norsk alen = 24 " = 2 fot = 0,3144 m x 2 = 0,629 m = 62,9 cm


'''Dome: Eit hjartesukk frå ein færingsbyggar 1983:''' Det store og vanskelege spørsmålet til slutt: '''Kor stor er eigentleg denne båten ?''' Døme: Ein vanleg 6-borda færing (ved fjorden kalla 9-alning). Om lag 4,65 m, ytre mål på stamnane. (Interjuvet og teksta her er frå 1983 og utsagnet er frå då): "Siste 30 åra når metermål og to sortar tomemål har vore i bruk samtidig på båt er det lett å verte forvirra. Båten er om lag 14,5 båtfot ytre lengd på stamnane. Båtfoten er 31,4 cm, som er 12 norske tomar, der ein tome er 2,62 cm. Båten er om lag 9 '''båtalner''' etter ripa, frå stamn til stamn. Ei båtaln er '''21 norske tomar''' (til samanlikning er ei '''”ny” norsk aln 24 norske tomar'''). Lengda etter ripa endrar seg og etter om båten er '''hollje''' eller '''kvædinj'''. Dei gamle bestilte båt etter bruk. Han kunne vere hollje framme og kvædinj bak, til segling. Eller omvendt, til notbruk. Kvædinj i begge endar, lettrodd. Eller hollje i begge endar, for mest mogeleg last. '''Framleis er det ein 9-alning.'''  
'''Døme: Eit hjartesukk frå ein færingsbyggar 1983:''' Det store og vanskelege spørsmålet til slutt: '''Kor stor er eigentleg denne båten ?''' Døme: Ein vanleg 6-borda færing (ved fjorden kalla 9-alning). Om lag 4,65 m, ytre mål på stamnane. (Interjuvet og teksta her er frå 1983 og utsagnet er frå då): "Siste 30 åra når metermål og to sortar tomemål har vore i bruk samtidig på båt er det lett å verte forvirra. Båten er om lag 14,5 båtfot ytre lengd på stamnane. Båtfoten er 31,4 cm, som er 12 norske tomar, der ein tome er 2,62 cm. Båten er om lag 9 '''båtalner''' etter ripa, frå stamn til stamn. Ei båtaln er '''21 norske tomar''' (til samanlikning er ei '''”ny” norsk aln 24 norske tomar'''). Lengda etter ripa endrar seg og etter om båten er '''hollje''' eller '''kvædinj'''. Dei gamle bestilte båt etter bruk. Han kunne vere hollje framme og kvædinj bak, til segling. Eller omvendt, til notbruk. Kvædinj i begge endar, lettrodd. Eller hollje i begge endar, for mest mogeleg last. '''Framleis er det ein 9-alning.'''  
Det minkar på dei som kan vurdere skogen og få den fram til ferdig båt".
Det minkar på dei som kan vurdere skogen og få den fram til ferdig båt".



Sideversjonen fra 10. des. 2012 kl. 22:41

BAAT MAAL

Fartøyet/båten sine lengdemål skulle ein tru er ei enkel sak.

Ta eit målband, mål ditt fartøy og samanlikn med andre fartøy: Det er truleg best å ta lengdemåla i fyrste omgang. Tenk slik: Lengste lengde er forståeleg for folk flest. For dei andre måla er ein avhengig av kunnskap om fartøytypar og for gamle fartøy/båtar endar ein opp med eit spørsmål om kor høg ein vaksen mann var i dette tidsromet for å kunne føreta ei fornuftig samanlikning av størrelsar.

Nyare målemetodar:

Oppgitt i SI-einingar. Sjøfartsdirektøren har til ei kvar tid gjeldande fasit.

Sjå: http://no.wikipedia.org/wiki/Lengde_mellom_perpendikul%C3%A6rene

LOA = Lengde over alt = Total lengde

LPP = Lengde mellom perpendikulæane.

Perpendikulæren er ei rett oppståande linje som står 90 grader på vassflata eller den berekna vassflata på teiknebrettet.

Registreringslengd = Lengde mellom bakre perpendikulær og kryssingspunktet mellom baug og dekksplate på øvste dekk i skroget.

Bakre perpendikulær er relativt grei så lenge fartøyet har ror og rorhengsle/rorstamme. Den går i senter på rorstamma/rorhengsle. I Fiskeriregisteret omtala som bakkant av bakstamn (men det er ikkje så slavisk det ser ut til då komstruksjonsmessige detaljar med tillegg av diverse misforståelsar har sterk innvirkning på meiningane til folk).

Fremre perpendikulær er omlag i kryssingspunktet mellom baugen og vasslinja på fartøy utan last. Ein finn litt avvikande forklaringar, det kan og vere oppgitt berekna vasslinje ved konstruksjon.

Tidlegare målemetodar

Register over merkepliktige norske fiskefarkostar, også kalla Fiskebåtregisteret har frå 1920 til dags dato registrert mange fiskefartøy og har denne formuleringa for måling:

Avskrift frå fiskebåtregisteret 1923: 3dje rubrikk: Lengde, bredde og dybde: Kjennningsmålene er angitt i fot og tiendedeler derav. Engelske mål er trykt med skrå skrift, norske mål med opretstående skrift. Mål oppgitt til registeret i meter, meterfot eller norske fot og tommer, er omregnet til norske fot og tiendedele. Det mål som er oppgitt som lengde for en rekke hekksbyggede farkosters vedkommende, antas å angi farkostens største lengde, mens der skulde være opgitt lengde fra forkant av forstevnen til akterkant av av øverste ende av bakstevnen (tenk perpendikulærene og at bakstevnen er den rett oppståande planken på kjølen som propellhylsa sit i med "attklossingar" eller rotvaksen bakstamn for gjenomboring for rorstamme eller beslag for rorhengsle. Lokale konstruksjonar blir tolka. Blir synleg ved ommåling, måla endrar seg, ikkje båten).

Dette fortel at om ei ser på ein båt og tenkjer oppgitt talstørrelse og totallengd er det god grunn til å tenkje seg om ein gong til.

Dei som har sendt inn måla til registrering har nok ikkje hatt samsvarande oppfatning om korleis måla skulle takast. Resultatet er dermed litt ymse fram til rundt 1960 då ein i hovedsak gjekk over til SI-einingar (metriske).

Før 1920 og vidare bakover i tid der tumar, fot og alner var lengdemåla endar ein oppe med å spørje: Kva for tume, fot og alen snakkar vi om ? Listar ein opp måla så langt ein finn ser ein at for ro- og seglbåtar i størrelse færing til åttring vart lengde målt etter ripa, oppgitt i alner, og ikkje paralellt med kjølen. For sunnmørsfjordane vart ein vanleg 6-borda, mykje brukt færingsstørrelse, heilt fram til 1970 omtala som ein nialning. Truleg ni norske alner (ca. 0,629 m) etter ripa (kanskje båtalner -- 0,549 m). Omtala også som 14-foting. Då målt lengste lengde i norske fot. Men ni-alningen kunne vere "hollje" (dryg) framme og "kvædinj" (lite bereevne) bak eller omvent alt etter kva den skulle brukast til. Dermed var den gamle måten å måle på meir anvendeleg enn moderne totalt lengdemål. Går ein bakover i tid er det ein glidande overgang til eldre alner der den lengste er 0,629 m og den kortaste er 0,419 m. Mest sannsynleg brukt alen for båt er nok båtalna på 0,549 m. At dei ymse alnelengdene har skapt misforståelsar og krangel ved handel er mykje truleg .

Ei forteljing ein kjenner til frå eit trebåtverft ein gong rett etter andre verdskrig seier at etter båten vart forlengd og ommålt synte det seg at den var kortare enn før forlenging. Dermed fordampa tilskotet til forlenging. Årsaka til dette kan vere at båten tidlegare er oppgitt i total lengde. Det skal ikkje vere enkelt.

Dei gamle måla (her kjem nok fleire):

Her, i hovedsak: Tekniske regnetabeller. Smeby og Kobberstad 1961, men ikkje dei eldre alnene:

Tumar:

Norsk: 26,2 mm = 0,0262 m

Dansk: 26,2 mm = 0,0262 m

Svensk: 24,7 mm = 0,0247 m

Engelsk: 25,4 mm = 0,0254 m


Fot:

Meterfot = 1/3 meter = 33,33 cm =0,3333 m

Norsk: 1 fot = 12 tomar = 0,0262 m x 12 = 0,3137 m = 31,37 cm

Dansk: 1 fot = 12 tomar = 0,0262 m x 12 = 0,3139 m = 31,39 cm

Svensk: 1 fot = 12 tomar = 0,0247 m x 12 = 0,2969 m = 29,69 cm

Engelsk: 1 fot = 12 tomar = 0,0254 m x 12 = 0,3048 m = 30,48 cm


Alner (frå eldre tid ofte målt etter ripa ved oppgitt båtmål. Om dette målet var teke mellom stamnane eller til senterlinje utvendig stamn er førebels ukjent):

Tumalen = 16 " = 0,0262 m x 16 = 0, 419 m = 41,9 cm

Fingeralen = 18 " = 0,0262 m x 18 = 0,471 m = 47,1 cm

Lovalen = 18 " = 0,0262 m x 18 = 0,471 m = 47,1 cm

Nevalen = 21 " (norsk) = 54,92 cm = 0,549 m (lik ei båtalen)

Båtalen = 21 " (norsk) = 54,92 cm = 0,549 m (lik ei nevalen)

Norsk alen = 24 " = 2 fot = 0,3144 m x 2 = 0,629 m = 62,9 cm

Døme: Eit hjartesukk frå ein færingsbyggar 1983: Det store og vanskelege spørsmålet til slutt: Kor stor er eigentleg denne båten ? Døme: Ein vanleg 6-borda færing (ved fjorden kalla 9-alning). Om lag 4,65 m, ytre mål på stamnane. (Interjuvet og teksta her er frå 1983 og utsagnet er frå då): "Siste 30 åra når metermål og to sortar tomemål har vore i bruk samtidig på båt er det lett å verte forvirra. Båten er om lag 14,5 båtfot ytre lengd på stamnane. Båtfoten er 31,4 cm, som er 12 norske tomar, der ein tome er 2,62 cm. Båten er om lag 9 båtalner etter ripa, frå stamn til stamn. Ei båtaln er 21 norske tomar (til samanlikning er ei ”ny” norsk aln 24 norske tomar). Lengda etter ripa endrar seg og etter om båten er hollje eller kvædinj. Dei gamle bestilte båt etter bruk. Han kunne vere hollje framme og kvædinj bak, til segling. Eller omvendt, til notbruk. Kvædinj i begge endar, lettrodd. Eller hollje i begge endar, for mest mogeleg last. Framleis er det ein 9-alning. Det minkar på dei som kan vurdere skogen og få den fram til ferdig båt".

Kjelder og informantar