Fartøyet/båten sine lengdemål

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. feb. 2013 kl. 23:38 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Illustrasjonar)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Stutt el kortspann og langspann 006--
Stutt el kortspann og langspann
BAAT MAAL

Båtens størrelse skulle ein tru er ei enkel sak.

Ta eit målband, mål ditt fartøy og samanlikn med andre fartøy: Det er truleg best å ta lengdemåla i fyrste omgang. Tenk slik: Lengste lengde er forståeleg for folk flest. For dei andre måla er ein avhengig av kunnskap om fartøytypar og for gamle fartøy/båtar endar ein opp med eit spørsmål om kor høg ein vaksen mann var i dette tidsromet for å kunne føreta ei fornuftig samanlikning av størrelsar.

Nyare målemetodar:

Oppgitt i SI-einingar. Sjøfartsdirektøren har til ei kvar tid gjeldande fasit.

LOA = Lengde over alt = Total lengde

LPP = Lengde mellom perpendikulæane

Registreringslengd = Lengde mellom bakre perpendikulær og kryssingspunktet mellom baug og dekksplate på øvste dekk i skroget.

Lengde ved vannlinje

Perpendikulæren er ei rett oppståande linje som står 90 grader på vassflata eller den berekna vassflata på teiknebrettet.

Bakre perpendikulær er relativt grei så lenge fartøyet har ror og rorhengsle/rorstamme. Den går i senter på rorstamma/rorhengsle (rorstamme som ikkje står 90 grader på vassflata har skapt mange diskusjonar). I Fiskeriregisteret omtala som bakkant av bakstamn (men det er ikkje så slavisk det ser ut til då komstruksjonsmessige detaljar med tillegg av diverse misforståelsar har sterk innvirkning på desse lengdemålingane).

Fremre perpendikulær er omlag i kryssingspunktet mellom baugen og vasslinja på fartøy utan last. Ein finn litt avvikande forklaringar, det kan og vere krysningspunkt for oppgitt berekna vasslinje ved konstruksjon. ‎

Tidlegare målemetodar

Bakstamn og ror på kutterskrog u motor
Øvste ende bakstamn og rorstamme
Bakstamn Voldaferga 1936
Bakstamn m hol for rorstamme
Bakstamn skøyte

Register over merkepliktige norske fiskefarkostar, også kalla Fiskebåtregisteret har frå 1920 til dags dato registrert mange fiskefartøy og har denne formuleringa for måling 1923: 3dje rubrikk:

Lengde, bredde og dybde: Kjennningsmålene er angitt i fot og tiendedeler derav. Engelske mål er trykt med skrå skrift, norske mål med opretstående skrift. Mål oppgitt til registeret i meter, meterfot eller norske fot og tommer, er omregnet til norske fot og tiendedele. Det mål som er oppgitt som lengde for en rekke hekksbyggede farkosters vedkommende, antas å angi farkostens største lengde, mens der skulde være opgitt lengde fra forkant av forstevnen til akterkant av av øverste ende av bakstevnen.

Tenk perpendikulærene og at bakstevnen er den rett oppståande planken på kjølen som propellhylsa sit i med "attklossingar" eller rotvaksen bakstamn for gjenomboring for rorstamme eller beslag for rorhengsle. Lokale konstruksjonar blir tolka. Blir synleg ved ommåling, måla endrar seg, ikkje båten.

Dette fortel at om ei ser på ein båt og tenkjer oppgitt talstørrelse og totallengd er det god grunn til å tenkje seg om ein gong til. Kutteren MB «Trygve» M 18 VA er døme på den vanskelege målinga. Bygd, målt og brukt etter lengste lengde (kanskje med unntak av framstamnen fram om huda). Ved innføring i Fiskeriregisteret 1920 ommålt etter nye reglar der rorstamma er mykje brukt som bakre målepunkt, no er den tilsynelatande 3 - 4 fot kortare enn før.


Teksta i fiskeriregisteret seier "akterkant av øverste ende av bakstevnen", men der ein kryssar, kutter eller ein gavlbåt var ombygde for motor og propell var det ikkje så enkelt å vite kvar definert "bakstevn" var. Derfor vart oftast rorhengsle og framkant eller sentrum av rorstamme brukt som bakre målepunkt. Les ein dei lokale notata opp mot den trykkte delen av Fiskeriregisteret ser ein at her er mykje synsing, tolkingar, feil og manglar.Vanlegaste feilkilda er truleg manglande rapportering frå eigarane ved reparasjon og ombyggingar. Ved salg er det mange døme på at selgjande part ikkje sende inn siste pålagde skjema. Då vart endringane notert i lokalt register, ikkje i den trykkte utgåva som kom ut anna kvart år, så her vart feil, kanskje i 20 - 30 år.


Dei som har sendt inn måla til registrering har nok ikkje hatt samsvarande oppfatning om korleis måla skulle takast. Resultatet er dermed litt ymse fram til rundt 1960 då ein i hovedsak gjekk over til SI-einingar (metriske).


Før 1920 då Fiskebåtregisteret kom i drift og prøvde å einsrette måltakinga og vidare bakover i tid der tumar, fot og alner var lengdemåla endar ein oppe med å spørje: Kva for tume, fot og aln snakkar vi om ?

Listar ein opp måla så langt ein finn ser ein at for ro- og seglbåtar i størrelse færing til åttring vart lengde målt etter ripa, oppgitt i alner mellom stamnane, ikkje paralellt med kjølen.

For sunnmørsfjordane vart ein vanleg 6-borda, mykje brukt færingsstørrelse, heilt fram til 1970 omtala som ein nialning. Truleg ni norske alner (ca. 0,629 m) etter ripa (kanskje båtalner 0,549 m). På Bjørkedalen selde dei same båten ned til fjorden som ein ni-og-ein-halv-alning (og storefæringen som ein ellve-og-ein-halv-alning). Det kan vere to grunnar til at uttalen ein-halv fall vekk når båten kom på sjøen: At det var tungvint og seie ein-halv kvar gong ein omtala størrelse, eller at båtalna var på veg ut av hovudet på folk flest og at dermed den (nye) norske alna frå 1615 var i ferde med å overta også når folk tenkte båt. Same båten kunne vere omtala som 14-foting, då vart det vel ikkje tenkt nøyaktig mål, men sånn omtrent lengste lengd på stamnane.

Ni-alningen kunne vere "hollje" (dryg) framme og "kvædinj" (lite bereevne) bak. Den kunne vere "hollje" i begge endar og der med ha god lasteevne, eller "kvædinj" i begge endar, lettrodd. At den var akkurat ni alner etter ripa skulle vel godt gjerast.

Går ein bakover i tid er det ein glidande overgang til eldre alner der den lengste er 0,629 m og den kortaste er 0,419 m. Mest sannsynleg brukt alen for båt er nok båtalna på 0,549 m. At dei ymse alnelengdene har skapt misforståelsar og krangel ved handel er mykje truleg .

Ei forteljing ein kjenner til frå eit trebåtverft ein gong rett etter andre verdskrig seier at etter båten vart forlengd og ommålt synte noteringane at den var kortare enn før forlenging. Dermed fordampa tilskotet til forlenging. Årsaka til dette kan vere at båten tidlegare har fått byggetilskot etter oppgitt total lengde. Ved forlenging vart den ommålt til bakkant av definert "bakstevn". Der med vart den kortare på papiret og ikkje tilskotsberettiga. Det skal ikkje vere enkelt.

Dei gamle måla: Med kroppen som målereidskap

Stutt el kortspann og langspann
Tumaln og fingeraln
Båtaln og nevaln



Tumar:

Norsk (gammal): 27,5 mm = 0,0275 m

Norsk: 26,2 mm = 0,0262 m

Dansk: 26,2 mm = 0,0262 m

Svensk: 24,7 mm = 0,0247 m

Engelsk: 25,4 mm = 0,0254 m


Fot:

Meterfot = 1/3 meter = 33,33 cm =0,3333 m

Norsk: 1 fot = 12 tomar = 0,0262 m x 12 = 0,3137 m = 31,37 cm

Dansk: 1 fot = 12 tomar = 0,0262 m x 12 = 0,3139 m = 31,39 cm

Svensk: 1 fot = 12 tomar = 0,0247 m x 12 = 0,2969 m = 29,69 cm

Engelsk: 1 fot = 12 tomar = 0,0254 m x 12 = 0,3048 m = 30,48 cm


Alner (aln tyder underarm frå gammalt):

Tumalen = 16 " = 0,0262 m x 16 = 0, 419 m = 41,9 cm

Fingeralen = 18 " = 0,0262 m x 18 = 0,471 m = 47,1 cm

Lovalen = 18 " = 0,0262 m x 18 = 0,471 m = 47,1 cm

Nevalen = 21 " (norsk) = 54,92 cm = 0,549 m (lik ei båtalen)

Båtalen = 21 " (norsk) = 54,92 cm = 0,549 m (lik ei nevalen)

Norsk alen = 24 " = 2 fot = 0,3144 m x 2 = 0,629 m = 62,9 cm

Døme: Eit hjartesukk frå ein | færingsbyggar 1983: Det store og vanskelege spørsmålet til slutt: Kor stor er eigentleg denne båten ? Døme: Ein vanleg 6-borda færing (ved fjorden kalla 9-alning). Om lag 4,65 m, ytre mål på stamnane. (Interjuvet og teksta her er frå 1983 og utsagnet er frå då): "Siste 30 åra når metermål og to sortar tomemål har vore i bruk samtidig på båt er det lett å verte forvirra. Båten er om lag 14,5 båtfot ytre lengd på stamnane. Båtfoten er 31,4 cm, som er 12 norske tomar, der ein tome er 2,62 cm. Båten er om lag 9 båtalner etter ripa, frå stamn til stamn. Ei båtaln er 21 norske tomar (til samanlikning er ei ”ny” norsk aln 24 norske tomar). Lengda etter ripa endrar seg og etter om båten er hollje eller kvædinj. Dei gamle bestilte båt etter bruk. Han kunne vere hollje framme og kvædinj bak, til segling. Eller omvendt, til notbruk. Kvædinj i begge endar, lettrodd. Eller hollje i begge endar, for mest mogeleg last. Framleis er det ein 9-alning. Det minkar på dei som kan vurdere skogen og få den fram til ferdig båt".

Kjelder og informantar