Femring

Sideversjon per 26. nov. 2023 kl. 02:17 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:r» til «[[Kategori:R»)

Ein femring, òg kalla femrøring og femroing, er ein robåt med fem par årar. Andre ord for same båtstørrelse inkluderer femkeiping. På Nordmøre vart femringane gjerne bruka som linbåtar — i motsetning til seksroingane, som vart kalla toskgansbåtar og bruka til garnfiske etter torsk.

Ein honnfemring eller håinnfemring er ein stor fyring som har fått påsett eit ekstra par keipar i eit halvrom i framskotten.