Keipar
Keipar er ein kategori av åregangar som består av ein flat del som åra ligg oppå og ein vertikal del i framkant som åra ligg an imot når ein rør. I tillegg har keipen eit hamleband (eventuelt ein enkelt tollepinne i bakkant) som gjer det mulig å hamle (ro attover). Keipar kan vera sidekeipar, som ligg an mot øvste bordet i båtsida, eller dei kan vera toppkeipar, som er festa oppå vaterbordet/esingen. Keipar er normalt laga av eik sør og aust i Noreg. Nord for Bergen er dei ofte laga i furu eller bjørk. Hamlebanda er laga av vidje, lêr eller tau.

Sidekeip på krumstemna åttring frå Misvær i Bodø kommune i Salten. Frå båthallen på Norsk Maritimt Museum.
Foto: Olve Utne
Kjelder og litteratur
- Nordlandsbåten : bygge-teknikk og måledata. Utg. Båtstikka. 2017. Digital versjon på Nettbiblioteket.