Nordmørslystring

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Lysterfæring)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein nybygd nordmørslystring.
Foto: Olve Utne (2015).

Ein nordmørslystring, oftast kalla berre lystring eller lysterbåt, er ein spissgatta, rundstamna båt som vart utvikla til erstatning for geitbåtaneNordmøre på andre halvdelen av 1800-talet. Lystringen skil seg ut frå den tradisjonelle geitbåten på fleire måtar. Den mest grunnleggande forskjellen er at han er bygd på smale, saga bord, i motsetning til dei breie, hogne borda på geitbåten. Dette inneber at han er raskare å byggje, og dermed billigare. I praksis er lystringen kortare og rundare enn geitbåten. Jon Bojer Godal hevdar at lystringen i det meste utanom dei runde stamnane er inspirert av åfjordsbåten. Trekka det er snakk om inkluderer vaterbord med flatkeipar, låge driglar innom keipane tilsvarande skvettborda på åfjordingen, måla rip, styrkult/grind på dei større båtane; og lysterriggen med bomlaust gaffelsegl og fokk er den same som blir bruka på mange nyare åfjords- og nordlandsbåtar.

Dei første åra var det først og fremst dei største geitbåtane lystringen tok over for på grunn av lasteevnen. Frå tida kring 1900 begynte lysterfæringen å ta over som heimebåt. Viktige faktorar her er både lysterriggen med gaffel og fokk, som er mindre krevande å handtere enn lårseglet, og den mykje lågare prisen. Mellomstørrelsane av geitbåten heldt seg lengre i bruk.

Nordmörebaad af ny Konstruktion

«Pl. XII: Nordmörebaad af ny Konstruktion» frå Beretning om den internationale Fiskerudstilling i Bergen Aaret 1865.

I Beretning om den internationale Fiskeriudstilling i Bergen Aaret 1865 blir det omtala «flere Modeller af Fiskebaade af Olaus Larsen i Christiansund, der vitnede om megen Flid». (s. 19) Men den båtmodellen som fikk den mest entusiastiske omtalen var det Rolf Jensen Sjösæter som hadde bygd: «En forandreing til det bedre er dog forsögt og, som det siges, med Held på Nordmöre, hvor Baadebygger Rolf Jensen Sjösæter i de to sidste Aar har bygget et halvt Snes Baade af en Konstruktion, hvori den nordlandske og den östlandske Baads Former og Rig ere kombinerede. Han havde til Udstillingen fremsendt en Model deraf, hvoraf Tegning findes Pl. XII.» (s. 17)

Filgalleri

Litteratur og kjelder