Finnset (Aure)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. aug. 2015 kl. 05:42 av Kallrustad (samtale | bidrag) (lenkje)
Hopp til navigering Hopp til søk

Finnset, gnr. 67, er ein matrikkelgard på nordvestsida av Skardsøya i Aure kommuneNordmøre. Garden grensar mot Melland i sør. I slektsnamn blir namnet skrive Finset og Finseth.

I 1883 gjekk dampbåten "Primus" på grunn utanfor Finnset, men alle i mannskapet fekk berga seg i land.

I 1919 var Finnset åstad for ei tragisk mineulukke, der gardbrukaren, to søner og ein minør frå Horten døydde.