Mineulukka på Finset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fellesgrava på Aure kyrkjegard.
Foto: K. Kiplesund

I 1919 skjedde det ei tragisk mineulukke på FinsetSkarsøya i Aure kommune. To hornminer frå første verdskrigen flaut i land ved Finsetstranda. Gardbrukar på Finset, Johannes Finseth (52 år), skulle vera med som kjentmann for å hjelpa Forsvaret med å lokalisera mina. Han rodde ut saman med eldste son på garden, Nils (18 år) og to minørar, bl.a. Kolbjørn Rustad (26 år) frå Horten.

Feil under desarmering

Det fyrste mina vart desarmert utan problem. Då mine nummer to skulle uskadeleggjerast, gjorde minørane ein feil. Dette førde til at mina sprang, og Kolbjørn Rustad, Johannes og Nils Finseth omkom. John Finset (13 år) hadde sprunge etter dei andre for å få eit glimt av det som gjekk føre seg. Han kom fram akkurat i det mina eksploderte, og dermed døydde han også.

Kroppane til dei omkomne kunne ikkje identifiserast. Det meste av restane av dei vart samla saman, og lagt i ei fellesgrav på Aure kyrkjegard.

Dei etterlatne

Attende på Finset gard sat Ellen Finseth (43 år), Marit (15 år), Karen (7 år) og Tore (3 år).

Minnestein

I 2001 vart det reist ein minnestein i nærleiken av staden for ulukka. Steinen er påmontert ei plate med namna på dei omkomne, samt sitat frå Jobs bok (kap. 1, v. 21): "Herren gav, og Herren tok, Herrens navn være lovet!"

Sjå også

Kjelder og linkar

  • Finset, Johannes (barnebarn av Johannes og Ellen): Det hendte på Finset gård i Aure. Indremisjonsnytt, 2004
  • Kiplesund, Kenneth: Minnestein ved Finset Kulturminneatlas
  • Kiplesund, Kenneth: «Hornmina som eksploderte på Finset i 1919», i Tu Aurgjelda, 1999.