Fiskeri- og sjøfartshistorisk samling (Austevoll)
[[Fiskeri- og sjøfartshistorisk samling (Austevoll)| Fiskeri- og sjøfartshistorisk samling]] vart oppretta ved [[Austevoll bibliotek]] i 2005. Initiativet kom frå dåverande pensjonerte fiskar, notbas og fiskeskipper [[Øystein Rabben]] som var leiar i [[Selbjørn fiskerisogelag]]. Samlinga er plassert i Tuftelandrommet ved biblioteket. Her finn ein ca. 400 bøker, tidsskrift, ulikt kjeldemateriale, f.eks. loggbøker og dvd’ar og videoar med filmar frå sjøfart og fiske. I 2011 vart samlinga presentert på [[Verdens bokdag]].
Føremålet med tiltaket den gongen var å ta vare på Austevoll kommune si fiskerihistorie, men det vart etter kort tid utvida til å gjelda historie om utanriksfart, kystfart og annan maritim historie som har tilknytning til kommunen. Litteratur frå nokre andre kystkommunar og landsdekkande større maritime historieverk har også fått sin rettmessige plass i samlinga.
==Bøker og film==
Sidan ein stor del av litteraturen i samlinga var utseld frå forlaga, leita Øystein Rabben fram bøker og hefte i fleire antikvariat, i bokbyane i Fjærland og Tvedestrand, på loppemarknader og fleire andre stader. Dessutan saumfôr han antikvariata sine boklister. I tillegg har det tilflytt bokgåver til samlinga.
Øystein Rabben registrerte litteraturen og alt anna materiale, og biblioteket har lagt det inn i den søkbare databasen til biblioteka i Sunnhordland, http://sunnbib.no. I bokgåvene skreiv han namnet til gjevaren og gjerne andre nødvendige opplysningar. Biblioteksjef Laila Ester Reidunsdatter Aarland seier at biblioteket ikkje ville hatt høve til å oppretta ei slik unik samling. Biblioteksjefen understrekar dessutan fordelane biblioteket har ved å disponera og låna ut frå den maritime samlinga.
==Kjelder og litteratur==
Munnleg kjelde:
*Øystein Rabben (1942-2019)
*Laila Ester Reidunsdatter Årland
Skriftlege kjelder:
*[https://norskfisk.no/sidensist/oystein-rabben-har-gatt-bort/ Norges fiskarlag: Øystein Rabben er gått bort. Bergen 2019].
*Våge, Nils Steinar: «Fiskeri- og sjøfartshistorisk samling ved Austevoll folkebibliotek». I [[https://landslaget.org/images/lhm/lm_2012-03.pdf Lokalhistorisk magasin nr. 3, 2012].
[[Kategori: Austevoll kommune]]
[[Kategorei: Austevoll bibliotek]]
[[Kategori: Etableringer i 2005]]
[[Kategori: Boksamlinger]]