Fjellsætra (Trondheim)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jan. 2016 kl. 21:26 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjellsætra
Fjellsetra ca1895.jpg
Fjellsætra kring midten av 1890-åra.
Fylke: Sør-Trøndelag
Kommune: Trondheim
Gnr.: 435
Postnummer: 7020

Fjellsætra (òg skrive Fjellsetra, Fjellseter o.a.) eller Kampervollen er ei tidligare sæter i Bymarka i Trondheim kommune. Fjellsætra ligg i søraustskråninga av Litlgråkallen, knapt 400 m aust-søraust for Studenthytta. Her vart Fjeldsæter Sanatorium etablert i 1899, og Fjeldsæter Turisthotel kom snart til. Annekset «Sporten» vart bygd kring 80 m nord for hovudbygget, og der var det servering for turgåarar. Sanatoriedrifta opphørte i 1912. I 1917 brann hovudbygninga ned, og hotell- og restaurantdrifta fortsette i Sporten. I 1933 vart Fjellseter kapell bygd — ei tømra langkyrkje med 300 sitteplassar. I 1946 var det brann igjen, og Sporten brann ned. Kapellet, som låg i overkant av 50 m austom Sporten, stod gjennom brannen og er framleis i bruk i 2013.

Sætra

Sæterhusa på Fjellsætra eller Kampervollen hadde fjøs i kjellaren under stua. Sæterdrifta vart nedlagt ein gong i tida føre Fjeldsæter Sanatorium vart bygd. I dag (2013) blir sjølve sætervollen streifbeita av sauer og kyr på utmarksbeite for å ta vare på kulturmarks-enga, som inkluderer fire raudlista beitesoppar.

Fjeldsæterveien

Fjeldsæter Sanatorium

Fjeldsæter Turisthotel

Fjeldsæter Turisthotel i 1906
Kanefart med rein ved Fjeldsæter Turisthotel kring 1905. (Postkort)

Fjellseter kapell

Fotnotar


Kjelder og lenkjer

Koordinater: 63°24′56″ N 10°16′31″ Ø