Fjotland sokn: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
m (Teksterstatting – «[[kategori:» til «[[Kategori:») |
||
Linje 13: | Linje 13: | ||
* {{Prestegjeld og sokn i Vest-Agder}}. | * {{Prestegjeld og sokn i Vest-Agder}}. | ||
[[ | [[Kategori:Sokn]] | ||
[[ | [[Kategori:Kvinesdal kommune]] | ||
[[Kategori:Fjotland| ]] | [[Kategori:Fjotland| ]] | ||
{{nn}}{{artikkelkoord|58.5250306|N|6.9910583|Ø}} | {{nn}}{{artikkelkoord|58.5250306|N|6.9910583|Ø}} |
Nåværende revisjon fra 15. nov. 2023 kl. 22:15
Fjotland sokn vart oppretta i 1670 som eit annekssokn i Kvinesdal prestegjeld. Då prestegjeldet vart delt i 1753 gjekk Fjotland til Øvre Kvinesdal, det som seinare vart til Hægebostad prestegjeld. I 1841 vart det overflytta til Nedre Kvinesdal, det seinare Kvinesdal prestegjeld. I 1857 vart soknet så eit eige prestegjeld, Fjotland prestegjeld med berre hovudsoknet. Soknet og prestegjeldet svara til tidlegare Fjotland kommune.
Soknet fekk ny soknekyrkje, Fjotland kyrkje, i 1836.
I 1873 var det ei mindre grensejustering då garden Knabeneset vart overført til Tonstad sokn. Denne garden vart ført attende til Fjotland saman med Salmeli, Solhom og Homstøl i 1902.
I 1963 vart Fjotland kommune innlemma i Kvinesdal kommune, og i 1970 følgde kyrkja på ved å innlemme soknet i Kvinesdal prestegjeld.
Etter at prestegjelda vart nedlagt i 2000-åra vart Fjotland sokn ein del av Kvinesdal kyrkjelege fellesråd.
Litteratur og kjelder
Koordinater: 58.5250306° N 6.9910583° Ø