Flatbrehytta: Forskjell mellom sideversjoner
(Ny side: '''Flatbrehytta''' er ei privateigd turisthytte som ligg inn til Jostedalsbreen på ca 1000 meters høgd over havet med fantastisk utsyn over Fjærlandsfjorden. Det var [[patentfør…) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 10: | Linje 10: | ||
[[Kategori:Sogndal kommune]] | [[Kategori:Sogndal kommune]] | ||
[[Kategori:Turisthytter | [[Kategori:Turisthytter]] |
Sideversjonen fra 15. aug. 2012 kl. 07:14
Flatbrehytta er ei privateigd turisthytte som ligg inn til Jostedalsbreen på ca 1000 meters høgd over havet med fantastisk utsyn over Fjærlandsfjorden. Det var patentførar Anders Øygard frå Supphelledalen i Fjærland som bygde hytta - han såg at det var behov for ei kvilehytte i brekanten. Han starta arbeidet i 1952 og bar opp mykje material sjølv. I 1954 stod den første vesle steinhytta ferdig med fem sengeplassar. Den Norske Turistforening gav eit bidrag til innreiinga av hytta.
Hytta vart snart populær m.a. i samband med at det vart arrangert brekurs, og ho vart derfor for lita. Behovet for ny hytta førte m.a. til etableringa av Flatbrehyttas venner, og i 1964 stod den andre hytta ferdig. Ho var på 30 kvadratmeter og hadde 15 køyer.
I seinare år er hytta restaurert og litt utvida.
Kjelder
- Rudsengen, Anne og Sven Bjørne-Larsen 2008: Norges nasjonalparker. Jostedalsbreen og Folgefonna. Gyldendal s. 48-52
- Heimeside på fjaerland.org