Flatbrehytta

Sideversjon per 3. feb. 2011 kl. 05:59 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Flatbrehytta''' er ei privateigd turisthytte som ligg inn til Jostedalsbreen på ca 1000 meters høgd over havet med fantastisk utsyn over Fjærlandsfjorden. Det var [[patentfør…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Flatbrehytta er ei privateigd turisthytte som ligg inn til Jostedalsbreen på ca 1000 meters høgd over havet med fantastisk utsyn over Fjærlandsfjorden. Det var patentførar Anders Øygard frå Supphelledalen i Fjærland som bygde hytta - han såg at det var behov for ei kvilehytte i brekanten. Han starta arbeidet i 1952 og bar opp mykje material sjølv. I 1954 stod den første vesle steinhytta ferdig med fem sengeplassar. Den Norske Turistforening gav eit bidrag til innreiinga av hytta.

Hytta vart snart populær m.a. i samband med at det vart arrangert brekurs, og ho vart derfor for lita. Behovet for ny hytta førte m.a. til etableringa av Flatbrehyttas venner, og i 1964 stod den andre hytta ferdig. Ho var på 30 kvadratmeter og hadde 15 køyer.

I seinare år er hytta restaurert og litt utvida.

Kjelder

  • Rudsengen, Anne og Sven Bjørne-Larsen 2008: Norges nasjonalparker. Jostedalsbreen og Folgefonna. Gyldendal s. 48-52
  • Heimeside på fjaerland.org