Flatdalsbyen (veg i Seljord): Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:

'''[[Flatdalsbyen (veg i Seljord)|Flatdalsbyen]]''' er ein veg i Flatbygdi, [[Flatdal]] i [[Seljord kommune]] som går vestover frå [[Flatdalsvegen (Seljord)|Flatdalsvegen]] og deler seg i ein nordleg og ein sørleg grein. Kring vegen ligg mange gardstun som dannar ein landsby.

Vegen vart namnsett i 2005.

I Noreg er det heilt uvanleg at hus og tun er samla i ein landsby, og det som på folkemunne blir kalla «bygdi» i Flatdal, er ein av svært få autentiske norske landsbyar. Her er 10–12 gardar, litt ettersom korleis ein reknar, samla i ein huskrull medan jorda som høyrer til gardane ligg spreidd utover den nesten 3000 dekar store flata mot [[Flatsjå]]. Forklaringa på dette uvanlege busetnadsmønsteret er at den flate dalbotnen frå gamalt av har vore sterkt utsett for flaum. Frå landsbyen til Flatsjå, ein strekning på fem km, fell terrenget berre med ni meter. Husa blei derfor lagt der det var høgast. For å stå imot dei øydeleggande naturkreftene, har flatdølane i tre omgangar mellom 1870 og 1942 senka utløpet av Flatsjå. Det er og bygd mur langs elva. I 1969–70 vart [[Sundsbarmvatnet]] regulert, og faren for oversvømmelsar er nesten borte.