Folkehøgskolen på Gislevoll (Ullensaker)

Sideversjon per 11. apr. 2013 kl. 08:35 av Cnyborg (samtale | bidrag) (kategorisplitting)

Folkehøgskolen på Gislevoll i Hovin sokn Ullensaker var den fyrste av fleire frilynte folkehøgskolar på Romerike. Den var i verksemd i åra 1869 til 1872. Grunnleggjar og den drivande kraft var cand.theol. Ingvar Bøhn, som var fødd og oppvaksen i bygda. Året før hadde han vore lærar ved Christopher Bruuns folkehøgskole på Romundgard i Sel. Skolen på Gislevoll var blant dei aller fyrste folkehøgskolane som vart starta i Noreg.

Teologen Jahn Müller var ein nær medarbeidar heilt frå byrjinga. Han hadde vore personellkapellan hjå sokneprest Hartmann i tida 1854-1867. Som lærarar elles i dei tre åra skolen var i gang, kan nemnast student Nicolai J. Sørensen (seinare statsrevisor), O.K.Kuløy, Maren Hertel og lærarane Knut Gundersen og Kristian Lyssand ved høvesvisk Åstad skole og Låke skole i Ullensaker. Også ein Nergaard er nemnd ((Kiær 1921). Kuløy og Sørensen var faste lærarar (etter tur), i tillegg til Bøhn og Müller. Dei andre underviste på timebasis. Brukaren på storgarden som skulen leigde rom på, agronom Chr. Kjos, var sjølv interessert i skolearbeidet, og gav noko undervisning i landbruksfag. Elles vart det undervist historie oglitteraturhistorie, grammatik og stilskriving, fysikk, geografi, skriving, lesing og song.

Undervisninga var lagt opp som kurs, seks-sju månader om vinteren, tre-fire i sommarhaløvåret. Fyrste kurset opna den 15. oktober 1869. Vinterkursa var for gutar, sommarkursa for jenter. Jentene fekk den same undervisninga som gutane, med unntak av litteraturhistorie og naturkunnskap. I staden hadde dei handarbeid ved Maren Hertel.

Fullt utbytte av undervisninga var basert på to gjennomførde vinterkurs, men det var høve til

Skolen var finansiert fullt og heilt på privat basis. Elevane betalte 2 spesidalar (8 kroner) i månaden i skolepengar. Bøhn hadde lærarane i kosten. Ein del av elevane budde på garden, men dei fleste av dei kom frå bygda og kunne bu heime. Somme leigde seg også inn på gardane i nabolaget.

Skolepengane rakk ikkje langt nok til å dekkje driftsutgiftene, og Bøhn måtte ta av eigne midlar. Dette gjekk ikkje i lengda, og den dårlege økonomien var hovudgrunnen til at skolen vart lagt ned etter tre år. I bygdeboka (Aage Lunde 1988) er det også nemnt politisk og religiøs motstand i bygda som ein grunn til at det vart vanskeleg å halde fram, utan at dette er nærare utdjupa.


Kjelder og litteratur

  • Kiær, A.Th.: Akershus amt 1814-1914. Kristiania 1921.
  • Lunde, Aage: Ullensaker 1840-1940. Ullensaker 1988.
  • Ullensaker. En bygdebok. Bd. I. Utg. av en komite ved H.Nesten. Jessheim 1927.
  • Vikne, Kr.: «Ingvar Bøhn. Den første folkehøgskolestyrer på Romerike», i Romerikstun. Årbok 1964 for Romerike Historielag.
  • Østerud, Erling: «Folkehøgskolen på Romerike 100 år 1859 [trykkfeil for 1869, wiki-merknad]-15/10-1969», i Romerikstun. Årbok 1970 for Romerike Historielag.