Framheim (Jostedalen): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Framheim''' er eitt av ungdomshusa til Jostedal ungdomslag i Sogn og Fjordane. Ungdomslaget Fram i Jostedalen fekk i 1920-åra overta ei lita murb…)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 4: Linje 4:


==Litteratur==
==Litteratur==
*Øvregard, Kåre. (1996). ''Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane.'' Gaupne: Luster kommune, s. 354.
*Øvregard, Kåre. (1996). ''Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane.'' Gaupne: Luster kommune, s. 352-354.


[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Ungdomshus]]
[[Kategori:Ungdomshus]]

Sideversjonen fra 16. okt. 2010 kl. 08:19

Framheim er eitt av ungdomshusa til Jostedal ungdomslag i Sogn og Fjordane. Ungdomslaget Fram i Jostedalen fekk i 1920-åra overta ei lita murbygning i Sperløyane der det hadde vore meieri kring 1900. Anders Hesjevoll hadde hovudsansvaret for ombyggingsarbeidet, som mellom anna gjekk ut på å byggje på ei andre høgd med sal og scene. Bygget stod ferdig kring 1925-26. Framheim var det viktigaste forsamlingslokalet for dei midtre delane av Jostedalen, det vil hovudsakleg seie Sperle krins.

Etter at dei tre ungdomslaga i Jostedalen vart slegne saman sist i 1980-åra, har Jostedal ungdomslag vore eigar av huset. Det har i mange år vore nytta som lokale for ungdomsklubben til laget og var i 2010 gjennom ei større oppussing.

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 352-354.