Framheim (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 26. jan. 2016 kl. 14:32 av Cnyborg (Samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Framheim sett frå hovudvegen gjennom Jostedalen

Framheim er eitt av ungdomshusa til Jostedal ungdomslag i Sogn og Fjordane. Ungdomslaget Fram i Jostedalen fekk i 1920-åra overta ei lita murbygning i Sperløyane der det hadde vore meieri kring 1900. Anders Hesjevoll hadde hovudsansvaret for ombyggingsarbeidet, som mellom anna gjekk ut på å byggje på ei andre høgd med sal og scene. Bygget stod ferdig kring 1925-26. Framheim var det viktigaste forsamlingslokalet for dei midtre delane av Jostedalen, det vil hovudsakleg seie Sperle krins.

Etter at dei tre ungdomslaga i Jostedalen vart slegne saman i 1989, har Jostedal ungdomslag vore eigar av huset. Det har i mange år vore nytta som lokale for ungdomsklubben til laget og var i 2010 gjennom ei større oppussing.

Dei to andre ungdomshusa i Jostedalen er Dølaheimen og Bergheim (nedlagt).

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 352-354.