Frederik Motzfeldt

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. mar. 2014 kl. 09:30 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Frederik Motzfeldt''' (fødd i Skaun 2. november 1779, død i Oslo 2. januar 1848) var jurist med mange embete - sorenskrivar, byfut, høgsterettsdommar, statsrevi...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Frederik Motzfeldt (fødd i Skaun 2. november 1779, død i Oslo 2. januar 1848) var jurist med mange embete - sorenskrivar, byfut, høgsterettsdommar, statsrevisor. Han var eidsvollsmann og stortingsmann.

Frederik var son av offiseren Jacob von Motzfeldt (1744-1817) og hans andre kone Sofia Katarina Myhlenphort (ca. 1750-1789). Frederik hadde fire halvsysken frå farens fyrste ekteskap med Johanna Sofia Katarina Heidemann (fødd i Klæbu 1746, død 1776), men berre den eine, Abel Katarina, voks opp, og også ho vart berre femten år gammal. Også fire av Frederiks åtte heilsysken døydde i sitt fyrste leveår. For dei tre andre syskena er i kjelda vår oppgitt berre fødselsår, ikkje kor gamle dei vart.