Fyresdal Handelslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. jun. 2017 kl. 09:21 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Breifonn, fyrste bygninga til Forbrukseininga. Denne bygningen blei flytta bakover på tomta og står der framleis, men er litt endra. Deretter kom den bygningen som blei den nye for Fyresdal Handelslag og som står der no.

Fyresdal Handelslag vart grunnlagt i 1871 med ein aksjekapital på 3080 kr. Handelslaget bestod opphavleg av tre filialar; hovudforretninga i Folkestadbyen, ei forretning i Hegglandsgrend og ei på Veum. I 1889 gjekk handelslaget i Veum ut som eiga forretning, og i 1916 vart også forretninga i Hegglandsgrend utskilt.[1]

Forbruksforeininga

Forbruksforeininga, seinare kjent som Fyresdal Handelslag L/L ligg i Folkestadbyen i Fyresdal kommune og vart skipa i år 1871. Det fyrste huset heitte Breifonn, flytt frå Nordre Bondal i Kleivgrend. Forbruksforreininga låg i dette huset fram til 1905. Då blei bygninga flytta litt lenger opp i Skippergata, og då hadde Lars Folkestad smia si der.

Handelslaget

Fyresdal Handelslag på 1940-talet.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

I 1905 bygde dei ei ny bygning som blei forretning. No er det lokalet til Oleas Hus.

Kjelder

Referanser

  1. Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949, s. 762-763.