Fyresdal Kommunale Bilrute
Fyresdal Kommunale Bilrute blei stifta i 1910 etter forberedande møte året før, og var den fyrste bilruta til å starte opp i Øvre Telemark.
Historikk
Frå byrjinga heitte selskapet Fyresdal Automobilselskap, men skifta namn i 1920. Bilruta køyrde frå byrjinga berre ei rute; frå Fyresdal til brygga på Bandaksli.
Den fyrste bilen i laget blei levert 1. juni 1910, og var ein 33 H.K. La Buire automobil med ratt på høgre side.
I 1951 gjekk selskapet inn i F.V.N. (L/L Fyresdal/Vrådal/Nissedal Billag). F.V.N. gjekk seinare inn i Telemark Bilruter.
Arkiv
Arkivet etter Fyresdal Kommunale Bilrute er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.