Telemark Bilruter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Telemark Bilruter A/S er det største kollektivselskapet i Telemark og har i dag kring 170 tilsette. Selskapet eig om lag 70 bussar, i tillegg til fleire køyretøy for godskøyring. Selskapet har hovudkontor i Seljord, men har i tillegg hatt avdelingskontor fleire stadar i fylket; Åmot, Fyresdal, Vrådal, Åmli, og dessutan i Skien sidan 1998.


Historikk

Telemarkskanalen vart opna i 1892 kunne turistane ta båten inn til hjarta av Telemark. Dalen vart eit turistsenter, og herifrå kunne ein tinge hesteskyss og kome opp i fjellet og vidare over til Vestlandet. I 1908 kom dei fyrste rutegåande bilane her i landet, og ikkje lenge etter byrja framsynte folk i Vest-Telemark å tenke dristige tankar om å køyre turistane med bil i staden for hest.

Frå 16. september 1909 finst det eit dokument som fortel om eit "forberedende møde for at faa i gang en automobilrute Bandaksli-Fyresdal". Hesteskyssordninga frå kanalbryggja ved Bandaksli til Folkestadbyen i Fyresdal vitna om eit tydeleg behov for transport, og velorienterte personar i bygda såg ein marknad for motoriserte automobilar i rutetrafikk. I arkivet etter bilrutene er det bevart fleire referat som fortel om prosessen med å ordne finansiering, tilsette sjåførar og skaffe bil. Frå 1910 kom ruta i gang. Fotograf Bendik Taraldlien dokumenterte grundig den fyrste bilen Fyresdal Automobilselskap kjøpte inn; ein "La Buire" med ratt på høgre side og registreringsnummer H-7.

Dei fyrste laga

Snart vart det danna mange mindre rutebilselskap i Vest-Telemark, som i sin tur slo seg saman til større einingar utover på 1900-talet:

Samanslåingar

  • 1935: "L/L Lastebil" og "Lårdal, Høydalsmo, Øyfjell Billag" blir slått saman til Rauland-Lårdal Billag.
  • 1943: "Rauland-Lårdal Billag" slår seg saman med "Automobillaget Haukeli", "Vinje kommunale Billag", "Åmdalsverk-Dalen bilrute", og dannar Vest-Telemark Billag.
  • 1951: "Fyresdal Kommunale Bilrute", "Tjostolf Fossli si Bilrute" og "Straand Billag" slåt seg saman og dannar Fyresdal-Vrådal-Nissedal-Billag L/L, (F.V.N.).
  • 1972: "Seljord Billag, "Vest-Telemark Billag" og "F.V.N." slår seg saman og dannar Vest-Telemark Bilruter L/L.

Eit fylkesdekkjande rutebilselskap

Lengre sør i fylket var det Grenland Nord Trafikkselskap som hadde vore rådande. Selskapet vart til etter at Siljan Bil, A/S Rutebil og Norborg Bilruter slo seg saman i 1989. Før dette hadde det eksistert ei rekkje mindre rutebilselskap som med tida hadde slått seg saman på same måte som i Øvre Telemark. Dei fyrste bilrutene hadde starta opp kring 1920.

I 1998 kjøpte "Vest-Telemark Bilruter" opp selskapet, og Telemark Bilruter A/S vart dermed skapt.

Arkivet

Arkivet etter Telemark Bilruter går attende til stiftinga av Fyresdal Automobillag i 1909. Mykje av materialet vart samla i samband med utarbeiding av boka Bakke opp og bakke ned: rutebildrift i Vest-Telemark. Arkivet vert ordna ved Vest-Telemark Museum.

Kjelder

  • Henriksveen, Herman og Åsen, Kjell, Bakke opp og bakke ned: rutebildrift i Vest-Telemark, Seljord, 1997. Digital utgåve på bokhylla.
  • Telemark Bilruter si heimeside. Lenke.