Straand Billag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Straand Billag.
Foto: Ukjend / "Norske næringsliv" skannet side nr. 820. nb.no
Nasjonalbiblioteket

Straand Billag, også kalla Straand Bilruter, vart grunnlagd i 1930. Billaget var framhald frå den gamle skysstasjonen og varetransporten med hest. Billaget utvikla seg no til å drive rutebilkøyring, snøbrøyting og all slags arbeidskøyring. Ruteområdet gjekk frå Vråliosen til Smeodden og Treungen. Før krigen gjekk ruta også til Skien.

Kring 1950 hadde billaget to rutebilar, fire lastebilar og ein drosjebil. Garasjebygningen hadde reperasjonshall, lager, venterom, kontor og lasterampe. Eigarane heitte Torgeir, Sigmund og John Straand.

I 1951 gjekk Straand Billag saman med Fyresdal Kommunale Bilrute og Tjostolf Fossli si Bilrute og danna Fyresdal-Vrådal-Nissedal-Billag L/L, (F.V.N.). I 1972 vart F.V.N. slått saman med Seljord Billag og Vest-Telemark Billag, og danna Vest-Telemark Bilruter L/L, som i 1998 fusjonerte til Telemark Bilruter.

Kjelder og vidare lesning

  • Henriksveen, Herman og Åsen, Kjell, Bakke opp og bakke ned: rutebildrift i Vest-Telemark, Seljord, 1997. Digital utgåve på bokhylla.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.