Seljord Billag
Seljord Billag, L/L, blei skipa på møte i Klokkarstogo i Seljord 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget Seljords Automobillag. Føremålet med laget var «å driva biltrafikk i rute millom Ulvenes og Årnes for på den visi med ein samstelt person og varebil millom ana å frakte varone til medlemane millom nevnde stellur». Torgrim Haugerud blei valt til formann.
Historikk
Den fyrste bilen laget kjøpte, var ein Federal lastebil. Den vart påbygd i Seljord, «med eit karosjeri på ein måte, men det var nokso primitivt». Før bilen blei satt i rute, kosta den laget 19 865 kr. Bilen køyrde ruta to gonger i veka, men berre om sumaren. I 1923 blei Federalbilen bytt bort med ein Republik. Bilen blei utbygd av "snikkar Li" på Notodden. «Karosjeriet var noko betre enn det fyrste, men var nokso uvandt tillaga», heiter det i årsmeldinga frå 1938. I 1924 kom jarnbanen til Bø. Det var difor naudsynt å utvide rutetilbodet m.a. for å dekke behovet frå landhandlarane. I 1926 blei det kjøpt inn ein Studebaker-buss. «Bussen var stor og vel utstyrt og vekte mykje åtgaum her uppe. Det var den fyrste i sitt slag.»
Billaget dreiv både vare- og turisttrafikk, og frå 1927 fekk dei ansvaret for snobrøytinga på strekninga Bø-Seljord-Flatdal for 1200 kr i året. Bilane vart utstyrt med plogar, men desse vart for veike for snoforholda i Vest-Telemark. Det vart difor gjort avtaler med hesteeigarar langs strekninga dei fyrste åra.
Samanslåing
I 1959 gjekk Seljord Billag saman med Fyresdal-Vrådal-Nissedal Billag og Vest-Telemark Billag om samkøyring. I 1972 blei laga slått saman til Vest-Telemark Bilruter L/L. Sentraladministrasjonen blei lagt til Seljord. I 1998 blei namnet endra til Telemark Bilruter A/S.
Arkivet
Seljord Billag | |
---|---|
Delar av innhaldet frå Seljord Billag sitt arkiv. Foto: Per Ormestøyl (2016)
| |
Arkivinstitusjon: | Vest-Telemark Museum |
Full sti: | VTM/A-1048 |
Kategori: | 49,3 |
Frå år: | 1919 |
Til år: | 1972 |
Fylke: | Telemark |
Kommune: | Seljord |
Stad: | Vest-Telemark |
Omfang: | 0,2 hm |
Arkivportalen: | no-VTM_arkiv_000000002234 |
Arkivet etter Seljord Billag er ordna på Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.